Hopp til innhold

Frekke tjuvar stal frå gravferd

- Det er så simpelt at eg ikkje finn ord, seier kyrkjeverje Helge Borgund i Selje.

Kyrkjeverje Helge Borgund

Kyrkeverje Helge Borgund er sjokkert over at slik kan skje.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Medan gravfølgjet var samla rundt den siste kvilestaden utanfor Selje kyrkje, gjekk tjuvar inn og tok minnegåva som var samla inn under gravferda.

Djupt fortvila

Selje kyrkje

Frekke tjuvar stal frå Selje kyrkje.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Borgund er rysta over at nokon kan stjele under ei gravferd og han er djupt fortvila.

Det er vanleg at pårørande opnar for at slekt og vener kan gi nokre kroner i ei minnegåve. Gåva skulle i fylgje avisa Fjordenes Tidende gå til omsorgsenteret Seljetunet der avdøde budde.

- Var vel naive

Pengane var samla opp i ei lita korg plassert på eit pynta bord inne i kyrkja.

- Vi har vel vore naive som har trudd at slikt skjer ikkje her. Vi har gjort det slik i alle år, men no har vi skjerpa rutinane slik at kyrkjetenaren skal vere i nærleiken.

Det er uvisst kor mykje som forsvann under det særs simple tjuveriet. Opp gjennom åra har slike beløp etter variert frå nokre få hundrelappar til 14 000-15 000 kroner.

Sjokkert lensmann

Bård Didriksen

Lensmann Bård Didriksen seier at saka enno ikkje er meldt.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Lensmann i Selje, Bård Didriksen, seier dei har vore i kontakt med fellesrådet for kyrkjene i Selje, men at saka så langt ikkje er blitt meldt. Lensmannen er sjokkert over at nokon kan gjere slikt i ei lita bygd der dei fleste kjenner kvarandre.

- Det er såpass trist at det er vanskeleg å setje ord på det.

- Er du overraska over at slikt kan skje?

- Ja, det er klart. Når folk kan gjere slikt, så er det berre leitt.

Gravplassen ligg berre nokre få meter vekke frå inngangen til kyrkja. Fellesrådet har bestemt seg for å gi 2000 kroner sjølve i minnegåve fordi pengane var i deira varetekt då dei vart tekne.

- Utan respekt

Borgund meiner det er trist at nokon kan gå så langt som å stjele frå ei gravferd.

- Eg tykkjer at viss dei som stal var så svoltne, så skulle vi heller hjelpt dei. Men dei som stel slikt har ikkje respekt for noko.

- Trur du at de finn ut kva som har skjedd?

- Nei, det trur eg ikkje. Det var mykje folk her og ingen såg noko. Dei pårørande er naturleg nok sjokkerte og lei seg over at noko slikt kunne skje.