Hopp til innhold

Utløyste kjempeskred

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Breinstruktør og gruppa hans utløyste 500 meter breitt skred i Jostedalen.

- Det var udramatisk fordi me hadde gått ei trygg rute opp på Vangsen. Me stod på ei flate då skreda gjekk, forklarar breinstruktør i Fimbul Jostedal, Bjørnar Bjørhusdal.

Les bloggen om skredet som gjekk frå fjelltoppen Vangsen i Jostedalen måndag 21.mars.

Større skredfare enn på 30 år

Breførar Bjørnar Bjørhusdal

Breførar Bjørnar Bjørhusdal

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Den kalde vinteren har ført til at det er rim under snøen som har kome seinare. Rimen kollapsar når det kjem snø oppå, og den er dessutan glatt så skred fort kan gå.

- Det er superustabilt. Om tilhøva vedvarar, vil det gå skred der det aldri har gått skred før. Skreda vil verta utløyste på lang avstand og dei vil gå lengre enn normalt. Me må tilbake til 1979 for å finna så ustabile tilhøve, seier Bjørhusdal.

Særskild er faren for skred stor sør for Stad i indre strok. Grunnen er at det her var kaldt og lite snø lenge i vinter, så rimlaget fekk setta seg skikkeleg.

- Skred farlegare enn russisk rullett

Vert ein teken av snøskred, er det berre ein ting som kan redda ein, forklarar Bjørhusdal.

- Utan skredsøkar er ein sjanselaus om ein vert begravd i skred.

Men tru ikkje at du på nokon måte er garantert av den grunn.

- Skred er farlegare enn russisk rullett. Opptil 40 prosent av dei som vert tekne av skred, har omkome før skredet har stoppa av slag mot snømassane, tre og liknande. Ein kan ikkje kjøpa seg tryggleik mot skred med tekniske hjelpemiddel. Kunnskap er den beste tryggleiken.

- Det høyrest ut til å verta ein dårleg påske for frikøyrarar som vil stå ned bratte fjellsider?

- Om tilhøva varar ved, så gjer det nok det, i alle fall i Sør-Noreg. Men det skal ikkje meir til enn ein lengre periode med mildvér etterfulgd av kulde før det vert meir stabilt. Førebels har det lata venta på seg. Så skal i prinsippet ikkje skred kunne gå i bakkar som er mindre enn 30 grader bratte. Og 30 grader er bratt for dei fleste.