Hopp til innhold

Sommartid - hugs å stille klokka!

I helga skal vi skru på klokka igjen. Men skal den stillast fram eller tilbake?

Klokke

Hugs å stille klokka natt til søndag.

Foto: Stig Morten Waage / NRK

Natt til søndag må du hugse og stille klokka ein time fram, frå klokka to til tre.

Siste søndagen i mars

I Norge har vi hatt sommartid fleire ganger - først i 1916, så under den første verskrigen. Frå 1940 til 1942 gjekk klokka etter sommartid heile året, også om viteren.

Frå 1980 til i dag har vi hatt sommartid frå den siste søndagen i mars og vintertid frå den siste søndagen i oktober.

Natt til søndag skal vi stille klokka ein time fram. I oktober skal klokka stillast ein time tilbake.

I Europa er det berre Island som ikkje har sommartid.

For å spare straum

Sommartid vart først føreslått av Benjamin Franklin i 1784, men det var først i 1916 at forslaget vart tatt i bruk.

Tyskland og Storbritannia var først ut. På den tida var det krig, og tanken var rett og slett å spare straum ved å sørge for ein time lengre lys om kvelden.

Energisparing har nok hatt mindre betyrning i dei industrialisrte landa i seinare tid. Sommartid brukasst i dei tempererte soner av verden; i tropene varierer dagen så lite at det er lite praktisk med sommar- og vintertid.

I USA stillast klokka andre søndag i mars - altså to veker før Europa.