08.02.2012

Snorre Klungsøyr vann

Snorre Klungsøyr (Foto: Privat)

Årets tippekonkurranse er over. Samanlagtvinnar vart Snorre Klungsøyr frå Florø. Han sikra seg eit reisegåvekort på 5000 kroner.

Siste vinnaren frå Kristiansand

I den siste runden i fotballtippinga 2010 vart det sju heimesigrar. Det var det berre ein tippar som hadde på sin kupong: Jahn Helge Brodersen frå Kristiansand var åleine med fullt hus denne gongen, og dermed får han tilsendt ti flaxlodd. I tillegg var det 11 tipparar med seks rette.

Samanlagtvinnar frå Florø

Det var spenning til siste slutt i fotballtippinga til NRK Sogn og Fjordane. Før siste runden hadde Snorre Klungsøyr frå Florø eit forsprang på eitt poeng til Trond Vegard Ripe frå Jølster og Odd Eriksen frå Høyanger. Det heldt heilt inn, for alle tre fekk fem rette av sju i den 22. og siste runden. Dermed var det ein glad Snorre Klungsøyr som direkte i føremiddagssendinga måndag fekk vite at han var vinnar. Der måtte han vedgå at han hadde bomma på Florø-Sogndal 2, og han reknar med å få på pukkelen i byen for at han ikkje trudde på bruntrøyene. Det som var avgjerande for at han fekk eitt poengs luke til Ripe og Eriksen var at han i nest siste runden tippa siger til Sogndal borte mot Bodø-Glimt. Som kjent kom målet til Espen Olsen på overtid i den kampen.

868 har tippa

I alt 868 har sendt inn tips minst ein gong, og det er sendt ut til saman 220 flaxlodd til dei som har vunne kvar enkelt veke. 35 av tipparane har vore med alle dei 22 rundane. Mellom dei er Snorre Klungsøyr, som aldri har gått til topps ei enkelt veke. Men han har vore jamnt god, og det gjorde han til samanlagtvinnar. I gjennomsnitt hadde han 4,36 rette (det har variert mellom fem og sju kampar på kupongen).

Slik vart sluttstillinga:

  • 96 rette: Snorre Klungsøyr
  • 95 rette: Trond Vegard Ripe og Odd Eriksen
  • 93 rette: Frank Heggestad og Stig Høynes
  • 92 rette: Jon Rauset
  • 91 rette: Steinar Langedal, Per Bøen, Magnar Skaare, Martha Karin Rauset, Helge Haugland og Jarle Sognnes
  • 90 rette: Kai Henning Slinde og Magnus Breilid
  • 89 rette: Leiv Rune Kjærvik, Idar J. Skogli, Arild Hjelmeland og Lars Lefdal
  • 88 rette: Jostein Myre, Ole Tom Myroldhaug og Lars Tore Støldal
  • 87 rette: Ole Morten Kvam, Toril Berg og Hans-Petter Gilleshammer
  • 86 rette: Birger Sæten
  • 85 rette: Olav Aga og Bjarte Sølvberg
  • 84 rette: Jan Asle Bolset
  • 83 rette: Morten Løvik
  • 82 rette: Roald Juklestad og Leiv Yndestad
  • 81 rette: Ole-Gunnar Midtbø og Ove Johnny Rauset
  • 80 rette: Jan Azar Karadas

Sander Solvik (t.v.), Ruben Holsæter, Tor Are Dvergsdal (Foto: Rune Fossum/NRK)

Årets fotballtippekonkurranse er over. Snorre Klungsøyr var best på å tippe resultata til m.a. Førde. Her feirar Sander Solvik, Ruben Holsæter og Tor Are Dvergsdal scoring under kampen mot Notodden.

Foto: Rune Fossum/NRK

Terminliste og tabell 1. divisjon

Terminliste og tabell 2. divisjon

Terminliste og tabell 3. divisjon

Kommentarsystemer er levert av DISQUS. NRK står ikke ansvarlig for misbruk av Disqus gjennom andre installasjoner enn på NRK.