Hopp til innhold

Vart ikkje samde om sjukehusa

Fylkespolitikarane makta ikkje å semjast om nokon av dei fire framlegga til høyringsuttale i sjukehussaka.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane

Fylkespolitikarane debaterte i nær eit døgn utan å komme til semje i sjukehussaka.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Politikarane sette sluttstrek i debatten i 17-tida under fylkestinget på Sogndal hotell. Då etter om lag eitt døgns debatt om korleis sjukehusstrukturen skal sjå ut i framtida.

At fylkestinget ikkje klarde å semjast, betyr at Helse Førde ikkje får gode råd med på vegen vidare når dei skal avgjere spørsmålet om sjukehusstrukturen i fylket.

Fylkesrådmannen tilrådde politikarane å støtte opp for det som vart omtala som modell 1 - å leggje ned føde- og akuttfunksjonane i Lærdal og på Eid, for så å gjere dei to sjukehusa om til lokalmedisinsk senter.

At debatten ville trekkje ut og politikarane ikkje kome til semje i saka, vart tydeleg klart då fylkesutvalet var samla tysdag kveld og ikkje klarde å semjast .