Hopp til innhold

Sp-toppar slaktar eigen partileiar

Helsetopp Jorunn Ringstad (Sp) og fleire partifeller er ikkje nådige i karakteristikkane av partileiar Liv Signe Navarsete sin leiarstil i kampen for å redde lokalsjukehusa.

Liv Signe Navarsete

I HARDT VÊR: Sp-leiar Liv Signe Navarsete møter motbør hos eigne partifolk. - Eg mislikar leiarstilen sterkt, seier Jorunn Ringstad.

Foto: Heiko Junge / Scanpix

- Dette er ein leiarstil eg mislikar sterkt, og som eg ikkje hadde forventa av ein Sp-leiar, seier Jorunn Ringstad til VG.

- Navarsete bortforklarer

Ho er styrenestleiar i Helse Førde, og reagerer ifølgje avisa på Navarsete si framferd overfor personar som er sett til å gjere ein jobb i helseføretaka.

- Ho bortforklarer sitt eige ansvar og si eiga rolle, og skubbar andre framfor seg. Det er storting og regjering som har vedteke føretaksmodellen. Og ho har sjølv vore med på å bestemme rammene for sjukehusdrifta, seier Ringstad.

Vil kutte ved lokalsjukehusa

Som styrenestleiar har Ringstad vore sentral i prosessen, som enda med Helse Førde sitt forslag om å gjere om lokalsjukehusa på Nordfjordeid og i Lærdal til lokalmedisinske senter. Forslaget betyr ein vesentleg reduksjon i akutt- og fødetilbodet dei to stadane.

I går skreiv VG at Navarsete i eit hemmeleg kompromiss i regjeringa hadde pressa fram ein garanti for freding av lokalsjukehusa i Sogn og Fjordane.

- Pressa opp i eit hjørne

- At ho som statsråd i ei sitjande regjering hamrar laus på oss, er heilt i særklasse. Eg har vore i politikken i mange år, og eg har aldri opplevd noko liknande, seier styreleiar Clara Øberg til avisa.

- Hvis det ikkje skal skje endringar, må ein løyve meir pengar. Vi blir pressa opp i eit hjørne, seier Førde-ordførar Nils Gjerland (Sp).

Ifølgje Trygve Slagsvold Vedum i Senterpartiet ønskjer partiet ei politisk styring av prosessane rundt helsetilbodet i Norge.