Hopp til innhold

- Mange fødestader held ikkje mål

Ein ny rapport frå Helsedirektoratet konkluderer med at mange av landets fødestader ikkje er gode nok - og at den forsterka fødestova i Lærdal må gjerast om til vanleg fødestove.

Bjørn Inge Larsen

KRITISK RAPPORT: Ein rapport frå Helsedirektoratet og direktør Bjørn-Inge Larsen konkluderer med at dei forsterka fødestovene bør gjerast om til orinære fødestover.

Foto: NRK

- Vi har ein god omsorg for fødande i Norge, men vi er heilt sikre på at den kan bli betre på mange punkt, seier helsedirektør Bjørn-Inge Larsen til NRK.

Vil leggje ned forsterka fødestove

Helsedirektoratet offentleggjer i dag rapporten «Et trygt fødetilbud», som tek for seg korleis fødetilbodet bør organiserast i framtida.

Her kjem det dessutan nye og strengare krav til kvalitet.

I rapporten går Helsedirektoratet inn for at dei forsterka fødestovene skal leggjast ned og gjerast om til vanleg fødestove. Lærdal er ein av tre stader i landet som har såkalla forsterka fødestove.

- Pengebruken er uanstendig

- Vi har korkje nok legar eller pengar til å ha fire-fem legestillingar knytt til føden i Lærdal. Det er heilt umoralsk etter mitt syn, seier Britt Eide til Bergens Tidende.

Ho har nyleg gått av som klinikksjef ved Kvinneklinikken på Haukeland, og har vore med i utvalet som har laga den ferske rapporten.

- Å bruke så mykje pengar på så lite, er uanstendig, legg ho til.

Fryktar dårlegare helsetilbod

Helsedirektør Bjørn-Inge Larsen meiner lokalsjukehusa må endre innhald, og han fryktar at lokalsjukehusa ikkje får omstille seg på grunn av alt bråket i lokalmiljøa.

Frå før har Helse Førde føreslege å leggje ned fødetilbodet i Lærdal.

Larsen er redd helsetilbodet blir dårlegare utan omstilling.

Helsedirektoratet overlet vurderingar rundt tal fødestover, fødeavdelingar og korleis ein best kan nytte ressursane ved lokalsjukehusa til helseføretaka.