Hopp til innhold

Sit oskefaste på Orkenøyane

Ein delegasjon frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og Gulen kommune er stranda på Orkenøyane.

Tingsfolk sit fast på Orkenøyane

KOM MED FLY - REISER MED BÅT: Denne gjengen sitt oskefast på Orkenøyene nord for Skottland

Foto: Frank Bradford

Delegasjonen deltek på Nordatlantisk Tingstadnettverk sin konferanse på Shetland og Orknøyane.

Konferansen byrja onsdag og blir avslutta søndag. Med flyforbod over store deler av Europa kan heimreisa alt anna en enkel for dei seks delegatane frå Sogn og Fjordane.

No jobbar ein med å finne alternative løysingar for returen.

Seks frå fylket

Tingsfolk sit fast på Orkenøyane

HAR BRUKT DAGANE: Det offisielle programmet var ikkje over før søndag. Her nyt delegasjonen utsikta, men heimreisa låg kanskje i bakhovudet?

Foto: Frank Bradford

– Alle desse må komme seg attende via båt eller tog dersom det er råd å få plass. Verst er det for delegaten fra Thingvellir Nasjonalpark Einar Sæmundssen og Færøyane sin delegat Ingigerd a Trødni med følge. Desse har ikkje togforbindelse med fastlandet og heller dårlig båtforbindelse, seier Anne-Karin Misje.

Ho er prosjektleiar for Tusenårstaden Gulatinget. Med seg på turen har ho fylkestingsrepresentant og leiar for hovudutval for kultur, Sissel Loen, leiar for Stiftinga Jensbua, Marita Solheim, fylkesarkeolog Berit Gjerland, og Siri Ingvaldsen og Arild Bergstrøm frå Haugland Internasjonale FOU senter.

Satsar på båt frå Newcastle

Nisje fortel at ein har freista å få haik med båtar som ligg til kai i Kirkwall på Orkenøyane.

– Vi har spurt mannskapa på kommersielle båtar som skal til Norge, Island og eller Færøyane, men responsen har vore «vi fraktar fisk - ikkje folk»...

Då NRK snakka med Anne-Karin Misje på telefon søndag ettermiddag, var flyforbodet på Vestlandet nett blitt oppheva.

– Her borte er det derimot framleis ingen fly som får ta av. Planen vår er å ta båt frå Orkenøyane klokka ni måndag morgon til det skotske fastlandet. Så blir det buss til Newcastle, og deretter båt til Amsterdam. Korleis vi skal komme oss vidare frå Nederland, veit vi førebels ikkje, seier Misje.