Hopp til innhold

DAT set flya på bakken i Florø

DAT tek ingen sjansar på at flya skal bli ståande oskefaste på Gardermoen eller Flesland. Dermed blir alle avgangar frå Florø kansellert. Widerøe flyg framleis til Oslo.

DAT-fly på Florø Lufthamn
Foto: NRK

– Det er tatt ei avgjerd på at vi innstiller flygingane inntil vidare. Årsaka er at Flesland stengjer klokka 11, og vi vil ikkje at flyet skal bli ståande der. Vil ha fly og crew i Florø, seier lufthamnsjef Siv Merete Stadheim i Florø.

Verken Oslo eller Bergen

Ho viser til at ein også ser ringverknadene av at Stavanger Sola har vore stengd tysdag. I tillegg har nordsjøtrafikken har vore stengd, så det er nesten ingen som skal til Bergen.

Same sjebne som Bergens-flyet får også maskina som skulle floge til Oslo lufthamn Gardermoen.

– Vi har bestemt oss for å instille Oslo-ruta grunna manglande passasjerar. Signala er dessutan at Gardermoen blir stengd ved 14-tida, og vi ønskjer ikkje at flyet skal bli ståande att i Oslo. Vi vil ha det ståande her i Florø, slik at vi får ut passasjerane fram til reisemåla når det opnar att, seier Stadheim.

Ny vurdering klokka 15

Kor vidt stenginga halde fram utover kvelden, blir avgjort i 15-tida tysdag ettermidag. Fram til då er alle ruter frå Florø kansellerte.

– Det er vanskeleg for oss å spå. Vi kan berre halde oss til informasjonen som kjem, seier lufthamnsjefen.

Florø lufthamn har normalt fire-fem flygingar dagleg til Nordsjøen med helikopter. I tillegg har DAT fem flygingar til Bergen dagleg, og fire til Oslo.

Men Widerøe flyg frå fylket

Mens Danish Air Transport har sett sine fly på bakken, held Widerøe fram med å fly til Oslo Lufthamn Gardermoen.

– Så lenge Gardermoen er open, går det fly. Det gjekk nett eit fly frå Bringeland til Oslo, opplyser lufhamnsjef Kjell Otto Gjesdal ved Førde lufthamn til NRK i 11-tida tysdag føremiddag.

Han seier Gardermoen vil bli vurdert stengd i 14-tida. Fram til då held ein fram til då går det fly.

Også ved Sogndal lufthamn Haukåsen går flytrafikken austover som normalt.

– Vi sender fly av garde så lenge Avinor tillet det, opplyser vakthavande i tårnet.