Hopp til innhold

Slik skal han køyre Norge på langs!

Knut Rune Tveiten skal køyre Norge på langs - i ein gammal tohjulstraktor - med ei hytte på slep...

Norge på langs med tohjulstraktor

SAKTE: Knut Rune 'Pippen' Tveiten er på veg Norge på langs med eit køyretøy utanom det vanlege. Han reknar med å bruke lang tid på turen....

Foto: Simon Solheim / NRK

Knut Rune «Pippen» Tveiten køyrer ein doning som ikkje liknar noko anna du har sett på vegane: Ein rød tohjulstraktor slepande på ei brakke, mest liknande på ei campingvogn - men ganske så heimelaga.

Her har han med seg alt han treng, og slik skal han køyre heile Norge på langs - frå Lindesnes til Nordkapp!

Andregir og 3 km/t

- Ein må ha tolmod - det er det viktigaste. Og så må ein ha evna til ikkje å måtte planleggje alt, for det blir aldri heilt slik ein hadde tenkt. Eg har lært å ta ting på sparket, og eg legg opp ruta etterkvart, seier Tveiten.

Inni husvogna har han seng, vedovn og vaskeservant.

Torsdag hadde han vore på reise i tolv dagar, og turen hadde komme til Gaularfjellet i Sogn og Fjordane.

- Eg skal prøve å køyre frå null til 1000 meter over havet. Det blir vel ein seanse i andregir og tre kilometer i timen tenkjer eg....

Seks-sju timar på fjellet

Tveiten har nyleg lagt bak seg Vikafjellet, og veit kva han snakkar om.

Tohjulstraktoren måtte ha seks-sju timar for å leggje fjellovergangen bak seg.

- Folk kan tru eg er galen, seier «Pippen» og ler.

Blir invitert på dusj og middag

Han har teke permisjon frå jobben som møbelsnekkar og kyrkjetenar i Vinje kyrkje i tolv månader.

Målet er å fullføre turen på den vesle traktoren i løpet av eit halvt år.

- Er eg heldig, blir eg invitert inn til nokon og får meg ein dusj innimellom. Ein veit aldri, seier Tveiten.

- Eg har opplevd alt mogleg, både å få dusje og ete middag, legg han til.