Hopp til innhold

Russ kasta sursild og egg på lærar

Raudruss grisa til Sunnfjord Folkehøgskule og kasta matvarer på lærar som prøvde å få dei vekk.

Lensmann Jan Egil Tvinde ved Førde og Naustdal lensmannskontor seier russen viste ein dårleg oppførsel tysdag kveld.

– Dei kasta egg og mjøl på veggar og vindauge slik at skulen vart tilgrisa. Det såg ikkje særleg fint ut der, seier han.

Trakasserte kvinne

Jan Egil Tvinde

Lensmann Jan Egil Tvinde er lite imponerte over framferda til russen.

Foto: Brynjar Solheim / NRK

Russen kasta også egg gjennom opne vindauge og dører. I tillegg gjekk det hardt utover ein kvinneleg lærar som prøvde å få dei vekk frå området.

– Dei trakasserte kvinna ved å kaste sursild, biola, mjøl og egg på ho. Det var ikkje akkurat god oppførsel dette.

Må gjere opp for seg

Tvinde seier at dei ikkje veit kor mange russ som var samla, men at det var ein god gjeng. No skal politiet følgje opp saka.

– Vi må prøve å finne ut kven som gjorde dei verste tinga og så får dei gjere opp for seg.

Stal stol

Lensmannen fortel at før denne episoden har det vore lite å utsetje på russen.

– Men nokre russ var oppe ved folkehøgskulen ein annan kveld også. Då tok dei med seg ein stol og eit reklamebanner.