Hopp til innhold

Stad skipstunnel vert utsett igjen

Dei siste to åra har regjeringa arbeidd med å kvalitetsikre ein rapport frå Kystverket som tilrår bygging - men no skal utgreiinga gjennomførast på nytt.

Stad skipstunnel, Kjødepollen - illustrasjon

MÅ VENTE: Stad skipstunnel har vore utgreidd i mange år - men no skal prosjektet gjennom den same mølla nok ein gong.

Foto: NORDWEST3D

Stad skipstunnel har i ein mannsalder vore etterlengta, den skal gjere at båtar unngår det farlege Stadhavet.

Tunnelen blitt utgreidd i 21 år - men no skal den utgreiast og kvalitetsikrast igjen.

- Det første dei må gjere er å kvalitetetssikre regjeringa og statsministeren. For dette handlar om at dei ikkje vil byggje. Det er det som er greia, seier Audun Dybedal til NRK.

Er samfunnsøkonomisk lønsam

Han er pensjonert hurtigrutekaptein, og har i mange år venta på at prosjektet skal komme i gang.

I 2007 konkluderte Kystverket med at tunnelen til 1,7 milliardar kroner er samfunnsøkonomisk lønsam.

Men to og eit halvt år etter at konseptvalutgreiinga vart ferdig er konklusjonen framleis til kvalitetssikring hos eksterne konsulentar.

Lei av å vente på byråkratar

Og: No skal Stad skipstunnel gjennom utgreiing nummer 16 i saka, nummer 17 kjem når den nye utgreiinga også skal kvalitetsikrast. Departementet har nye spørsmål som må besvarast, i tillegg skal heile utgreiinga køyrast på nytt. Særleg skal ein sjå på framkomelegheit, sikkerheit og ventetider for skipstrafikken i uver.

- Det er naturleg å sjå heile konseptvalutreiinga under eitt, og det er difor har vi fått i oppdrag å køyre heile utgreiinga på nytt, seier seniorkonsulent Øystein Linnestad i Kystverket.

Ordførar Jan Helgøy i Vanylven kommune er lei av å vente på byråkratane.

- Dette har gått over alle grenser no. Dei har halde på i tiår, seier han.

Vil gjere ferdig kvalitetssikringa

Dei nye utgreiingane betyr minst eitt år til i forseinkingar, før tunnelprosjektet kan leggjast fram for Stortinget. Håpet var at politikarane skulle ta stilling til tunnelen alt før stortingsvalet i fjor. Seinare har det vore snakk om 2010 eller 2011. Kor tid tunnelen kjem opp i Stortinget no er det ingen som veit.

- No får vi gjere ferdig kvalitetssikringsprosessen. Så får vi vurdere om og når ein tunnel kan byggjast, seier Vidar Ulriksen i Fiskeri- og kystdepartementet.

Statssekretæren kan ikkje seie om tunnelen vert noko av i det heile teke.

Havet er grusomt på sitt verste

Nordfjordingen Audun Dybedal veit alt om korleis ein vinterstorm på Stadhavet ser ut.

No meiner den tidlegare hurtigrutekapteinen at folk vert haldne for narr.

- Stadhavet er grusomt når det er på sitt verste. Det hadde vore herleg å kunne setje politikarane fast i baugen og køyre i full fart - inntil pengane vart løyvde, seier han.