Hopp til innhold

- Vart møtt av eit forferdeleg syn

Are Bergheim som er vert ved Grotli Høgfjellshotell seier personbilen som var involvert i ulukka på riksveg 15 på Strynefjellet vart nærast ugjenkjenneleg.

To omkom i trafikkulukke på Strynefjellet.

Bussjåføren prøvde å styre unna, men kollisjonen med den møtande personbilen var ikkje til å unngå.

Foto: Jan Ivar Vik

- Bussen stod delvis ute av vegbana på høgresida, medan personbilen låg på andre sida av vegen. Det har vore ein kraftig smell, for det er nesten umogleg å sjå kva type bil det er, seier Bergheim.

- Kraftig samanstøyt

To personar omkom då Nordfjordekspressen på veg frå Måløy til Oslo kolliderte med ein personbil på riksveg 15 ved Grotli på Strynefjellet ved 16-tida i ettermiddag.

LES OG: To omkom i møteulukke

Are Bergheim som er vert ved Grotli Høgfjellshotell var raskt på staden.

- Då eg kom til staden var det allereie klart at to personar i personbilen var omkomne. Truleg har begge blitt kasta ut av bilen i den kraftige samanstøyten, seier Bergheim.

Det var tidleg lege og helsepersonell på staden, og dei to andre passasjerane i personbilen vart frakta til sjukehus med luftambulanse.

Passasjerane på bussen, som alle var fysisk uskadde, vart frakta opp til Grotli Høgfjellshotell der dei får krisehjelp.

LES OG: Busspassasjerane får krisehjelp

- Traumatisk oppleving for sjåføren

Bergheim har prata med fleire av passasjerane og sjåføren etter ulukka.

- Dette er sjølvsagt ei traumatisk oppleving for sjåføren. Førebels har han klart seg veldig bra, men ein reaksjon kan komme seinare, så no må han takast godt vare på, seier Bergheim.

Både bussjåføren og ei kvinne som sat på bussen har forklart Bergheim at bilen kom over i feil køyrebane før kollisjonen.

- Sjåføren såg bilen kome over i feil køyrebane, og han hadde ikkje anna å gjere enn å legge bussen så langt til høgre som mogleg. Det gjorde han, men kollisjonen var ikkje til å unngå.

Fartsgrensa på ulukkesstaden er 80 kilometer i timen, og bileta frå staden tyder på at det har vore ein kraftig kollisjon.