Hopp til innhold

Mistanke om smittsam sjukdom hos russ

Ein russ frå Sogn og Fjordane er lagt inn på sjukehus med mistanke om smittsam meningokokk-sjukdom.

Det skriv Sogn Avis si nettutgåve.

Etter det avisa kjenner til skal det vere ei jente som er råka av sjukdomen. Ho skal ha blitt sjuk i løpet av russetida.

Blodforgifting

Meningokokksmitte, som kan føre til hjernehinnebetennelse, har råka fleire russ dei siste vekene, særleg i Oslo-området der russen har blitt oppmoda om å vere forsiktige.

– For denne ungdomen sitt tilfelle er det mistanke om at smitten har ført til alvorleg blodforgifting, opplyser informasjonssjef Arne Eithun i Helse Førde. Prøvar vil først kunne stadfeste dette ut på tysdag.

Etter det han har fått opplyst hos legane ved Førde sentralsjukehus, er det uvanleg at smitten slår ut i blodforgifting og at tilstanden for jenta er alvorleg.

– Ver på vakt

Folkehelseinstituttet åtvarar russ og ungdom over heile landet mot sjukdom som følgje av meningokokksmitte, som i verste fall kan vere livsfarleg.

Også Helse Førde ber folk vere på vakt.

– Det er all grunn til å åtvare mot meningokokksmitte og vi ber folk vere merksame på symptom, seier Eithun.