Hopp til innhold

Latvisk oppladning til junior-VM

Treningsveke i Latvia skal skjerpe tambarløftaren Vebjørn Varlid dei naudsynte hakka før junior-VM i vektløfting i juni.

Vebjørn Varlid

Vebjørn Varlid ladar opp til junior-VM med treningssamling i Latvia.

Foto: Anna Gytri/NRK

Saman med trenar Gunnar Reiakvam og lagkamerat Sindre Rørstadbotten, er Varlid på treningssamling i Latvia.

- Det er no eg skal finpusse teknikken og gjere dei skikkeleg tunge løfta, slik at eg kan sleppe opp når eg kjem heim att, seier 20-åringen.

Topptrenar

Varlid overbeviste i mai då han vart beste løftar med 155 kg i rykk og 180 kilo i støt under junior-NM i Tønsberg. Det gav han grønt lys til junior-VM i Bulgaria som startar 20. juni.

I Latvia får han eksperthjelp frå Eduard Andruskevics, som mellom anna har trena opp Viktors Ščerbatihs - ein vektløftar med både EM, VM og OL-medaljar.

- Edvard er heilt ekstrem på teknikken. Stian Grimseth brukte også Eduard med god erfaring. Samstundes lærer du litt meir om deira treningsfilosofi. Her har dei eit veldig godt system for store løftarar, seier Varlid.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vektløftarar i Latvia

Eduards Andruskevics (bak til høgre) er ein ettertrakta trenar. Her saman med Gunnar Reiakvam (bak til venstre), Vebjørn Varlid (framme til venstre), Ruth Kasirye og Sindre Rørstadbotten.

Foto: Privat

Nytt opplegg

Latvia har lagt bak seg den gamle treningsfilosofien med fokus på kvantitative mengder med trening. No er det kvalitet på treningane som gjeld og meir styrketrening retta mot overkroppen.

- Vi har mange, men lettare økter. Er ein sliten, så får du beskjed om å roe ned og heller trene betre neste dag. Heime har vi hatt den gamle austeuropeiske stilen der ein gir på uansett. Den fungerer best i puberteten, ler Varlid.

- Eg har hatt god effekt eg også sidan eg gjekk over til deira opplegg i februar. Samanlikna med i fjor haust har muskelmassen auka med ein kilo, samstundes som fettmassen har gått ein god del ned, seier Varlid.

- Full fart framover

I VM er ambisjonen plass mellom dei sju-åtte beste i klassa si. Då må han truleg løfte 160 kilo i rykk og 190 kilo i støt. I dag står Varlid med 156 kilo i rykk og 191 kilo i støt.

- Men har er på full fart oppover, seier trenar Gunnar Reikavam og konstaterer at avstanden til medaljestriden nok blir for stor i denne omgang.

- Mange av juniorane er så gode at dei er i verdseliten også som seniorar. Dei beste rykker mellom 190 og 200 kilo, og støter 230-240 kilo, seier Reiakvam.

- Dei er hakket betre

Reiakvam har også tru på at 20-åringen vil ha godt utbyte av samlinga i Latvia, med tanke på junior-VM men også for framtida. Det er han som har fått til samarbeidet mellom det latviske og det norske vektløftarforbundet.

LES OGSÅ: Roleg russ - tok NM-gull

- Løftarane her er hakket betre enn dei norske og dei har svært flinke trenarar her. Mellom anna får dei trene med Ščerbatihs som trenar mot sitt femte OL, seier Reikvam.

Nytt samarbeid

Før jul var Reikvam og løftarar på prøveopphald i Latvia. Det gav så mykje meirsmak at dei også i februar la turen til Latvia.

- No satsar vi på å trene med dei ei vekes tid kvar tredje månad, seier Reiakvam.

Delegasjonen frå Norge, der også Ruth Kasirye, Jostein Frøyd og Rikhard Markeng er med, kom til Latvia i fredag. Søndag var vektløftarane i symjehallen for å restituere seg. Reiakvam meiner samlinga er inspirerande og lærerik for den norske delegasjonen.

- Det er klart. Dei gjer ting litt annleis enn oss. Dei trenar mykje, mykje meir enn oss. Det er mykje av cluet. Dei har også mykje meir styrketrening enn det vi har, seier han.

- Må vere på vakt

Utøvarane i Latvia trener tre gonger for dagen. Reiakvam er ikkje redd for at dei norske utøvarane vil overbelaste seg.

- Du venner deg til det. Når du trener så mykje så må du vere påpasseleg og ta det med ro når du kjenner noko. Der er vi litt for lite flinke til i Norge, og berre pøser på. Du må justere heile tida. Det er litt av kunsten. Skal du vere med i toppen, så kan ikkje trene halvveges. Då må du vere på hogget heile tida, seier han.