Hopp til innhold

159 kommunetilsette i streik

Det er brot i meklinga for offentleg tilsette i kommunesektoren. Dermed blir det streik også i Sogn og Fjordane frå fredag morgon.

Vi er i streik

STREIK: Frå fredag går 17.000 kommunetilsette i Norge ut i streik.

Foto: NRK

Rundt 20.000 tilsette i kommunale tenester, skular og barnehagar legg ned arbeidet i heile landet.

I Sogn og Fjordane blir kommunetilsette i Årdal, Førde, Florø og Vågsøy tekne ut i streik.

Streiken vil først bli sett i verk i morgon.

- Umogleg å finne løysing

Tidlegare i dag vart partane i statsoppgjeret samde, etter at dei hadde mekla nesten 11 timar på overtid.

Det var venta at det ville bli vanskelegare å komme til semje i kommuneoppgjeret, og klokka 12.30 braut meklinga saman.

– Det var umogleg å finne ei løysing innanfor den ramma staten vart samd om på 3,3 prosent, seier meklingsmann Dag Nafstad til NRK.

– Den økonomiske ramma som det blei semje om i statsoppgjeret var for lita til å løyse problema med likeløn i kommunane, forklarar NRKs politiske kommentator Magnus Takvam.

I Sogn og Fjordane tek Fagforbundet ut 136 kommunetilsette i Vågsøy, Florø og Årdal. I tillegg tek Delta ut 23 medlemmer i Førde.

Slik rammar streiken i Vågsøy

I Vågsøy kommune tek Fagforbundet ut 23 medlemmar i streik. Desse er fordelt på dei fleste områdene i kommuneorganisasjonen.

Undervisning i skulane og barnehagane går som normalt, med unnatak av noko redusert reinhald. I pleie- og omsorg er det tekne ut medlemmer, og fare i høve til liv og helse vert forløpande vurdert.

– Det området der innbyggarane vil merke streiken mest er i kommunen sitt servicetorg. Vi ber difor publikum ringe kommunen sitt sentralbord i staden for å møte opp. Billettar som vanlegvis vert kjøpt på servicetorget oppmodar vi publikum å kjøpe ved inngangen til dei ulike arrangement., skriv Vågsøy kommune på si nettside.

Slik rammar streiken i Førde

I Førde blir 23 Delta-organiserte tekne ut i streik. Alle er administrativt tilsette. Dette gjeld i hovudsak tilsette i Hafstadvegen 21 (kommunehuset). Verknader for publikum kan vere redusert kapasitet på tenester på Servicetorget og skatteoppkrevjarkontoret. Mellombels råkar streiken ikkje skular, barnehagar eller helse- og omsorgstenesta, skriv Førde kommune på si nettside.

Slik rammar streiken i Flora

Flora kommune vil ha ei tilnærma normal drift, men når 48 tilsette er i streik vil det merkast.

Desse får merke streiken i Flora kommune:

  • Feiarvesenet
  • Stabs-og Merkantilfunksjonar ved Tenestetorget, Økonomiavdelinga, Flora ungdomsskule, Flora bygg-og eigedom, Fag-og utviklingsavdelinga,
  • Krokane skule og evt. Krokane barnehage.
  • NAV- sosiale tenester, merkantil og delar fagtenesta på rus/psykiatri.
  • RAF-avdelinga, stab/merkantilt.
  • Skatteavdeling på økonomi.
  • Overformynderiet.
  • Delar av Reinhaldstenesta i Flora bygg og eigedom og Flora samfunnshus.
  • Teknisk drift, vegtenesta, vatn og avløp. Her er det gjeve disp. for vassverkvakta.
  • Flora hamn, delvis utttak.

Slik rammar streiken i Årdal

I Årdal kommune er 65 tilsette som er tilslutta Fagforbundet tekne ut i streik frå fredag klokka 08.00. Det er tilsette ved tekniske tenester og merkantilt personell som er tekne ut.

Konsekvensane av streiken i Årdal vil mellom anna vere:

  • Konsekvensane ved ein streik vil mellom anna vera:
  • Årdalshallen vert stengd for all aktivitet, inkl. symjebassenget
  • Symjebassenget ved Tangen skule vert stengd
  • Samfunnshuset i Øvre Årdal vert stengd for større arrangement (storsalen)
  • Det vert ikkje utført vedlikehald og tilrettelegging på idrettsanlegga.
  • Det vert ikkje utført vedlikehald på kommunale grøntanlegg, vegar m.m
  • Sterkt redusert drift og vedlikehald på kommunale bygg
  • Ingen tilgang til sentralarkivet, forsinkingar i postregistrering og distribusjon.
  • Generelt redusert tenestetilbod
  • Tenestetorg og sentralbord er stengd. Kontaktinformasjon blir gitt på telefonsvarar og kommunen si heimeside.

Det er torsdag ikkje meldt om at skular, barnehage eller helsesektoren blir råka.