Hopp til innhold

Helgekosen går fløyten for mange

- Folk får panikk når favorittvinen manglar i hyllene.

Tomme hyller

Transportstreiken har ført til tomme hyller hos vinmonopola i landet, og i Førde manglar femten prosent av kvitvinsmerka, og ti prosent raudvin. I tillegg er dei tomme for vodka.

- Det er slett ikkje krisestemning fordi. Det mest dramatiske er at folk får panikk når favoritten manglar, fortel Bjørn Kristian Sunde, som er dagleg leiar for vinmonopolet i Førde.

Sindige sunnfjordingar

Tysdag kjem det nye varer til polet i Førde.

- Sunnfjordingane har ein rolig og sindig måte å takle dette på. For oss der det ein god sjanse til å anbefale nye vinar, og dei fleste kjøper noko anna når favoritten manglar.

Tung juni

Det er uvisst kor lenge streiken kjem til å vare, men Sunde trur juni blir ein tung månad.

- Hyllene blir nok tommare og tommare, og det kjem til å ta tid å fylle opp igjen. Men no tek vi det dag for dag.