Hopp til innhold

Kvifor er det så heitt i Fjærland?

Fjærlendingane har mange alternative teoriar på kvifor det er så heitt i brebygda for tida.

Fjærland

Fjærland i sommarskrud

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

- Jentene her inne må vera grunnen til varmen. Når du møter jentene i Fjærland opplever du at det brusar i blodet og du vert heit i hovudet. Og det merkelege er at det vert på same viset med jentene som kjem til Fjærland. Sjølv er eg gift med ei jente frå Sunnfjord, og vert framleis heit under lua når eg møter ho. Så det må vera noko med jentene i kombinasjon med bygga, seier fjærlandsbonden Knut P. Bøyum.

- Me må kompensera for hólet

Og det verkar tydelegvis inn på gradestokken; heilt oppi 22 grader har målestasjonen til meteorologisk institutt i Fjærland synt denne veka. Asbjørg Haugen meiner det har vorte heitare i Fjærland den siste tida.

- I Fjærland er me voldsomt varmblodige, og det er vel den eigentlege årsaka. For ei tid tilbake fekk Fjærland hol i begge endane, og då må me prøva å kompensera for trekken. Viss du ser på barnetala i Fjærland, har jo det vore ganske vellukka.

Den siste veka har det vorte skikkeleg sommar i fylket - og i går var den første offisielle sommardagen. Fjærland har både varmerekorden i fylket og flest høgaste dagtemperaturar. Der er det 4 noteringar for høgst målte dagtemperatur den siste veka, medan Lærdal kjem på 2.plass med tre noteringar.

- Stammar global oppvarming frå lærdalspolitikken?

Lærdølen Ola Geir Hunderi meiner forklaringa på varmen i Lærdal kjem av det oppheta politiske miljøet som har vore i bygda den siste tida.

- Eg trur nok at me må gje Rådhuset litt av æra for heten i Lærdal den siste tida, for der har det vore oppheta diskusjonar. Kanskje den globale oppvarminga stammar frå Lærdal?

Lærdal

Det er heitt også i Lærdal

Gode alternative forklaringar til trass; litt meir komplisert er det vel kanskje. Haugen i Fjærland trur dei høge fjella kan vera noko av den den eigentlege årsaka til høge temperaturar å gjera.

- Det kan verta svært varm om dagane. Og når sola går ned, er det akkurat som om du skrur av omnen, og du må kle på deg om du skal halda deg utandørs. Viss det er fleire varme dagar i strekk så ein får varma opp fjella, sa dei gamle alltid at då heldt varmen godt om natta, og ein måtte gjerne opna glaset også.

Det naturvitskapelege svaret på varmen

Og ja, det er nok her ein plass svaret ligg. Trass i at Fjærland er ei brebygd med høge fjell og Lærdal ein trong dal med få solmånader mange stader, er det nettop høge fjell og tronge dalar som skapar varme. Det forklarar statsmeterolog Geir Ottar Fagerlid.

- Di høgare fjell og trongare dalar du har, di meir stilleståande vert lufta. Er dalen vid - som i Bergen - vert det mindre skilnad mellom indre og ytre strok. Det er ikkje fullt så stor luftsirkulasjon i indre som i ytre strok, og det kjem av meir solgangsbris i ytre strok. Og det kjem igjen av at ein ikkje har så høge fjell på kysten som i indre strok, til dømes Fjærland og Lærdal.

I heitaste laget for møkaspreiing

I går var det altså 22 grader under fjella i Fjærland. Bonde Knut P. Bøyum kunne dermed få spreidd møka utover markene sine. 22 grader er i varmaste laget for slikt arbeid, tykkjer han.

- Det er greitt for heitt. Ein traktor er som eit stort drivhus, og å sitja i drivhus slike dagar og kopa etter vegane er ikkje noko stas. Då er det finare ein klar haustdag når du spring i fjella etter hjorten.