Hopp til innhold

Alt lys ramla ned - ingen skadde

All lysarmatur i Bjørnsnestunnelen på riksveg 5 mellom Førde og Naustdal fall laurdag ettermiddag ned i vegbana. Det danna seg raskt lange køar på staden.

Lysarmatur fall ned

LYS PÅ BAKKEN: Slik såg det ut i Bjørnsnestunnelen, etter at lysarmaturen hadde gått rett i bakken.

Foto: Rune Fossum / NRK

Berre flaks hindra store skader på bilar og personar, då all lysarmaturen i Bjørnsnestunnelen på riksveg 5 mellom Førde og Naustdal laurdag fall ned i vegbana.

- Vi må berre vere glade for at dette gjekk bra. Du kan jo tenkje deg sjølv kva som kunne ha skjedd dersom det hadde vore bilar i tunnelen då det skjedde, seier Einar Vereide ved politiets operasjonssentral i Florø.

Måtte stengje tunnelen

Lysarmaturen i Bjørnsnestunnelen fall ned frå taket ved 16.00-tida laurdag, og det danna seg raskt lange køar på staden.

Førebels veit ikkje politiet årsaka til det som har skjedd, men ein mogleg grunn kan vere at eit større køyretøy har komme oppi lysarmaturen.

Då politiet kom på staden, hadde dei ikkje anna val enn å stengje tunnelen for trafikk.

Skal rydde utover kvelden

Først ved 17.00-tida var det ope for trafikk på staden, og Mesta prøvde i samarbeid med politiet å få rydda opp i tunnelen. Politiet dirigerte då trafikken gjennom tunnelen.

- Vi kjem nok til å drive oppryddingsarbeid vidare utover kvelden, seier Vereide.

Mesta jobbar med å finne ut kva som er årsaka til at lysarmaturen har falle ned.

Lysarmatur fall ned
Foto: Rune Fossum / NRK