Hopp til innhold

Målet er å bli historisk i år

Vebjørn Varlid kan bli den første junioren som løftar over 200 kilo. For å få det til, let han vektløfting og trening styre livet 24 timar i døgnet.

Vebjørn Varlid

TIL VM: Vebjørn Varlid har tru på ei god plassering i junior-VM i Bulgaria.

Foto: Rune Fossum / NRK

Søndag skal Varlid måle krefter med verdas beste løftarar under junior-VM i Bulgaria.

Dei nordiske rekordane skal takast

– Då er målet er å ta personlege rekordar, alle dei nordiske rekordane - no har eg berre disiplinen støt og manglar rekordar i rykk og samanlagtresultat. Eg har eit mål om å komme blant topp seks, seier Varlid.

Når NRK Sogn og Fjordane møter den unge Førde-atleten i vektløftarrommet i Naustdalshallen, har han akkurat svingt 150 kilo over hovudet - og det såg ikkje ein gong ut som han anstrengde seg. Varlid konstaterer at han er der han skal vere før helgas junior-VM.

Artikkelen held fram.

Vebjørn Varlid

ER NORSK MEISTER: Vebjørn Varlid har i ein alder av 19 år ei rekkje medaljar frå norske og europeiske ungdomsmeisterskap. Her løftar han under eit nordisk meisterskap i Naustdal i 2009.

Foto: Aleksander Vallestad / NRK

200 kilo i løpet av året

Så sterk og godt førebudd har han neppe vore framfor ein meisterskap før. Men så lever Varlid også eit nokså uvanleg og disiplinert liv i høve til andre 19-åringar. Kven drikk til dømes fire-fem liter mjølk kvar einaste dag?

Resultatet: Han er i ferd med å nærme seg dei aller beste vektløftarane i verda.

Han er dessutan svært nær ei draumegrense i vektløfting: Om alt klaffar, kan han løfte over 200 kilo i støt om berre kort tid. Då vil han vere den første junioren i Norge som klarer det. Faktisk har berre seks norske vektløftarar har gjennom tidene støytt 200 kilo over hovudet.

– Eg trur det er litt tidleg allereie no, men eg skal ta eit kraftig jafs innpå. 195 er liksom det som ligg i tankane mine no. Men 200 skal ryke i år, fastslår Varlid.

Trener 30 timar i veka

I bakhovudet til 19-åringen lurer tankane om medaljar i framtidige OL og VM. Han har planar om å komme seg til sitt første OL allereie i 2012.

Artikkelen held fram.

Vebjørn Varlid og Gunnar Reiakvam

I SLAG: Vebjørn Varlid er i praktslag, berre nokre dagar før junior-VM i Bulgaria. Trenar Gunnar Reiakvam har stor tru på eleven.

Foto: Rune Fossum / NRK

No har Varlid fått status som toppidrettsutøvar - og han legg livet sitt opp etter trening, trening og atter trening.

Det betyr oppunder 30 timar trening i veka, minst ni timar søvn kvar dag - og fire-fem liter mjølk om dagen for å bygge musklar.

– Eg synest det er flott. Det er ei vanesak. Eg har alltid trent mykje og fått det inn gjennom far min som også var vektløftar. Det er knall for meg, altså!

– Du føler ikkje at du forsakar noko?

Nei, eg får så mykje att. Turar og samlingar, kjekke folk å vere med og opplevingar. Ein får mykje meir att enn ein forsakar.

– Den nye Stian Grimseth

Varlid reknar med at han brukar over 100.000 kroner i året på satsinga si. Det må til om han skal nå verdstoppen.

Stian Grimseth

DEN STØSTE, SÅ LANGT... Stian Grimseth har lagt opp og bygd den muskelmassen, men er framleis den største profilen det norske vektløftar-miljøet har sett. - Vebjørn Varlid kan bli like stor, trur trenar Gunnar Reiakvam.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Og det er trenar Gunnar Reiakvam overbevist om at 19-åringen kjem til å gjere. Han trur Varlid har det som skal til for å følgje opp arva etter ein annan vektløftar frå Sunnfjord: Stian Grimseth.

– Han kan nå heilt til topps. Det er eg heilt sikker på. Så lenge det går framover slik som no, så er eg heilt sikker på at han kan gjere som Stian, og vere blant verdas beste seniorar om fem-seks år, trur Reikvam

Og det er ikkje unge Varlid imot.

Målet: OL, EM og VM som senior

– Målet er å kunne ta medaljar under OL, EM og VM, men det er langt opp. Stian Grimseth gjorde ein enorm jobb, men eg har tenkt å gjere samme jobben. Så får vi sjå om det ber like langt.