– Han er no teken hand om og sit i drukkenskapsarresten i Sogndal, opplyser operasjonsleiar Leif Bell ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK Sogn og Fjordane.
Det var augevitne i Balestrand som oppdaga at føraren av skyssbåten MS «Maria» var alt anna enn edru torsdag føremiddag, skriv Sogn Avis si nettutgåve.
Villmannskøyrde rundt leirskuleelevar
Samstundes som leirskuleelevar og turistar oppheldt seg i småbåtar utanfor kaia i Balestrand gav skyssbåten full gass og sette retning mot Esefjorden.
Augevitne fortel til Sogn Avis at båten brått dukka opp att, og mannen ved roret ropte mot land at han ville leggja til i Balestrand. Då han kort tid etter igjen sette avgarde i full fart, ringde fleire vitne til politiet.
Artikkelen held fram.
Pågripen midtfjords
Lensmannskontoret i Balestrand fekk rekvirert ein lettbåt, før dei la seg etter skyssbåten. Då dei innhenta denne, pågreip dei den rusa båtføraren, ein mann i 40-åra, midtfjords mellom ferjeleiene Dragsvik og Hella.
– Det var ikkje passasjerar om bord, opplyser politiet sin operasjonsleiar.
På Hella fekk politiet forsterkningar frå Sogndal og båten vart etterkvart frakta til Balestrand av kyndige båtførarar, mens båtføraren måtte bli med til Sogndal for blodprøvetaking.
Artikkelen held fram.
MS «Maria» blir disponert av Tørvis Hotel i Luster og Mundal Hotel i Fjærland som nyttar skyssbåten til cruise for turistar på Sognefjorden.
– Stort farepotensiale
Politiet ser alvorleg på episoden.
– Vi er i ein etterforskningsfase, men på generelt grunnlag er det jo å seie at det er eit stort farepotensiale i å føre båt i rusa tilstand generelt, og spesielt så store båtar. Blodprøva vil vise resultatet i saka, seier politiadvokat Knut Broberg til Sogn Avis.
Leiinga ved hotella som disponerer båten har førebels takka nei til å kommentere saka.