Hopp til innhold

Wayne og Harriet gifta seg i Jølster

Wayne og Harriet reiste heilt frå Minnesota i USA til Helgheim i Jølster for å bli rette ektefolk.

Wayne og Harriet Runnheim gifta seg i Jølster

Wayne og Harriet Runnheim gifta seg i Helgheim kyrkje på laurdag.

Foto: Anna Gytri / NRK

Helgheim kyrkje var pynta etter alle kunstens reglar til bryllaup på laurdag. Men dei som skulle gje kvarandre sitt ja har aldri før vore i Jølster.

Faren utvandra til USA

Historia startar allereie i 1929, då Nikolai Runnheim som 19-åring utvandra til Wisconsin i USA. Her budde han i fem år før han kom attende til Jølster. Men forholda i Norge var ikkje gode, og Nikolai sitt liv i Norge vart tøft. Difor reiste han tilbake til Amerika.

Amerikansk bryllaup i Jølster

Helgheim kyrkja var pynta med både norske og amerikanske flagg.

Foto: Anna Gytri / NRK

Etter kvart gifta han seg med ei polskætta kvinne og saman fekk dei 12 born i løpet av 24 år. Seks av dei jenter, og seks av dei gutar.

Sonen ville vitje røtene sine i Norge

Ein av dei var Wayne Runnheim som i dag står brudgom i Helgheim kyrkje, det fortel Anne Kvellestad Klakegg. Mor hennar er søskenbarn med Wayne.

Ho fortel vidare at Wayne fekk aldri møte faren sin. Han døydde berre nokre månadar før Wayne vart fødd i 1959.

I 1985 fekk Kvellestad Klakegg kontakt med den yngste broren til Wayne, og sidan har slektningane i dei to landa hatt kontakt med kvarandre. Og i januar i år fekk jølsterslekta ein spesiell telefon frå slektningane langt borte.

- Eg fekk ein e-post i frå Wayne, der han spurte om kan kunne få kome til Jølster å gifte seg, seier Kvellestad Klakegg.

(Artikkelen fortsetter under biletet)

Amerikanarar gifta seg i Helgheim kyrkje

Wayne og Harriet Runnheim skal dei heite etter at dei laurdag gifta seg i Helgheim kyrkje i Jølster.

Foto: Anna Gytri / NRK

Amerikansk kronebrur

Ho har sidan fått lov til å lage klart til eit spesielt bryllaup for dei to amerikanarane i Norge.

Brura Harriet var iført Sægrovsølvet, med krone og det heile. Også brudgommen Wayne hadde fått lånt seg bunad, det same hadde sonen deira Daniel og hans forlovar Betsy.

- Det var heilt fantastisk

Og brudeparet sjølv var godt fornøgde med den litt spesielle viinga.

- Det vart ei oppleving som var meir enn eg hadde venta, seier brura Harriet Runnheim og får støtte frå sin nygifte mann Wayne.

- Eg visste ikkje kva eg skulle vente av dette, men det var veldig rørande. Eg fekk gifte meg i kyrkja der faren min, som eg aldri har møtt, vart døypt og konfirmert. Så det er veldig spesielt og rørande for meg.

Harriet og Wayne gifta seg i Jølster

Harriet og Wayne Runnheim, saman med sonen sin Daniel og hans forlovar.

Foto: Anna Gytri / NRK

Og paret som har reist nesten halve jordkloden for å love kvarandre evig truskap angrar ikkje på at dei valde å gjere nettopp det.

- Nei, absolutt ikkje. Det har vore heilt fantastisk og vi er kjempeglade for at Anne har gjort så mykje for å få dette til, seier to rørte nygifte.

Har endeleg blitt betre kjende

- Med ein gong eg kom hit vart eg forelska i plassen, og eg veit det var rett val å komme hit å ha bryllaup, seier Harriet.

Også Anne Kvellestad Klakegg som har organisert det amerikanske bryllaupet meiner dagen er spesiell.

- Etter kvart som ein vert eldre får ein eit behov for å vite kor ein høyrer heime. Dette med røtene våre vert mykje viktigare. Og heile dette bryllaupet har vore ei fantastisk anledning til å bli betre kjent med kvarandre.

Harriet og Wayne gifta seg i Jølster

Det var to lykkelege nygifte etter viinga i Helgheim kyrkje laurdag.

Foto: Anna Gytri / NRK