Hopp til innhold

Varlid på 11.plass i VM

Vebjørn Varlid kom på 11. plass under junior-VM i vektløfting i Bulgaria i helga.

Vebjørn Varlid
Foto: Rune Fossum / NRK

Det vart ikkje fullklaff for den 19 år gamle kraftkaren frå Førde. Med 159 kilo i rykk vart det 8. plass. 186 kilo gav 12. plass i støt. Dette gav ein 11. plass samanlagt.

-Eg er godt fornøgd med eigen innsats i rykk. 159 kilo er faktisk nordisk rekord. Men i støt gjekk det ikkje som eg hadde håpa. Eg får sjå fram mot junior-EM på Kypros i november. Med fullklaff der kan det bli medalje, seier Varlid.