Hopp til innhold

NRK presiserer om SMS-kritikk

I saka om SMS-kontakten mellom styreleiar Clara Øberg i Helse Førde og statssekretær Roger Ingebrigtsen kan det sjå ut som om Øberg har nekta for at ho har motteke ein einaste SMS frå Ingebrigtsen. Det er ikkje korrekt, og skuldast ei mistyding.

NRK Sogn og Fjordane var under arbeidet med saka i kontakt med Øberg ved fleire høve og ho svarte nei på at ho hadde fått SMS frå statssekretæren der han uttrykte støtte til den pågåande strategiprosessen i Helse Førde.

– Eg har ikkje fått ein einaste SMS frå sentralt hald i departementet om strategiprosessen etter framlegginga på Sunnfjord hotell i Førde 5. mars i år, presiserer Clara Øberg.

Ho oppfatta ikkje at ho fekk spørsmål om ho hadde motteke SMS frå Ingebrigtsen.

– Nei, eg har den siste tida fått veldig mange SMS frå ulike politikarar lokalt og sentralt, mellom dei Roger Ingebrigtsen, av typen ”stå på Clara”. Altså personleg støtte, men ikkje støtte til strategiarbeidet, seier Øberg.

Og det var SMS av denne typen Roger Ingebrigtsen stadfesta at han har sendt til styreleiaren i Helse Førde.

NRK Sogn og Fjordane presiserer denne nyansen i saka for å få fram at Øberg ikkje har bløffa om sin kontakt med Ingebrigtsen, men at ho har svart konkret på det ho oppfatta var spørsmål om støtte til strategiprosessen frå statssekretæren i departementet.