Hopp til innhold

Dykkar fann smuglarsprit i fjorden

Ein fritidsdykkar fann smuglarsprit på fjordbotnen utanfor Høyanger. Flaskene stammer truleg frå Russland og på slutten av 90-talet.

Smuglarsprit henta frå Høyangerfjorden

Dykkar Knyt Helge Sandvik henta opp 13 flasker med sprit frå fjorden.

Foto: Knut Helge Sandvik

Knut Helge Sandvik i Høyanger Dykkarklubb dykka ved kommunekaia i Høyanger då han oppdaga flaskene. Han trur nokon fekk det travelt då Tollvesenet var på veg.

– Eg dykka på rundt 30 meter då eg oppdaga ein stor, blå søppelsekk. Eg tok med meg 13 flasker, meir klarte eg ikkje å få med meg.

Dumpa eller mista

Kor mykje som ligg att utanfor kommunekaia i Høyanger kan ikkje Knut Helge Sandvik gjette på. Men han har ein teori om kvar dei stammer frå.

– Det stod noko med Russland på undersida, så det kan ha vore tollarar i nærleiken slik at dei har dumpa dei. Eller dei kan ha mista flaskene medan dei dreiv på med noko.

Trur marknaden dunsta vekk

Flaskene er levert til lensmann i Høyanger, Olav Hellebø. Sist han fekk russisk smuglarsprit på pulten var i 2005. Deretter tok det brått slutt, og lensmannen trur det heng saman med at Høyanger fekk eige Vinmonopol.

– Det fanns ein marknad for slikt, på den tida var det ikkje pol i Høyanger. Eg trur kanskje at marknaden har dunsta vekk litt etter at polet kom.

– Dette bør ikkje drikkast

Kva som vil skje med flaskene som framleis ligg på havbotnen skal lensmannen vurdere. I mellomtida vil Knut Helge ikkje råde folk til skunde seg ned før lensmannen har bestemt seg.

– Vi spretta ei flaske, men det lukta ammoniakk av det. Dei som tek seg ein fest på det, får ein dårleg dag.

Smuglarsprit henta frå Høyangerfjorden

Flaskene er no leverte til lensmannen i Høyanger.

Foto: Knut Helge Sandvik