Hopp til innhold

Knausgård kjem til Jølster

Ein av dei mest omtalte og omdiskuterte skjønnlitterære forfattarar i nyare norsk litteraturhistorie, Karl Ove Knausgård, blir å sjå og høyre i Jølster neste torsdag.

Karl Ove Knausgård

Forfattar Karl Ove Knausgård kjem til bokbad i Jølster.

Foto: NRK

Det er Jølster Mållag som arrangerer dette som dei omtalar som ei storhending.

– Dette er nemleg det einaste Knausgård har sagt ja til i Norge så langt i år, skriv dei i ei pressemelding.

Forfattaren av «Min kamp»-bøkene er invitert til bokbad i Jølster fordi han har slektsrøter der. Han var mykje i bygda då han var liten.

Knausgård er bokmålsforfattar, men han har ei fortid på Skrivekunstakademiet i Hordaland der han hadde lærarar som Ragnar Hovland, Jon Fosse og Kjartan Fløgstad. Han har også vore medlem av Studentmållaget i Bergen.