Hopp til innhold

Mann pågripen etter hagleskot

Væpna politi pågreip mann i 20-åra etter hagleskot i bustadfelt på Nordfjordeid. – Mannen skal ha avfyrt skudd, seier politiet.

Væpna aksjon i Eid

TIL AKSJON: Politiet har sperra av vegen opp mot bustadfeltet.

Politiet gjekk i går kveld til væpna aksjon på Nordfjordeid etter at ein mann i midten av 20-åra fyrte av skot utanfor heimen midt i eit bustadfelt.

Vifta med hagle

Mannen skal også ha gått rundt i nabolaget og vifta med ei hagle. Etter det vi kjenner til skal mannen ha banka på hos naboar medan han hadde hagla i handa.

– Vi sendte ut fleire væpna polititenestemenn. Men vi kjenner ikkje til at han skal ha truga nokon, seier fungerande stabsjef Stig Inge Hauge ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.no.

I natt fekk politiet melding om skot frå same huset. Då dei kontakta mannen på telefon, fortalte han at det berre var skot spelt av frå nettstaden Youtube. Politiet trudde han og valde å ikkje rykke ut.

Måtte bryte seg inn

Men då naboar høyrde nye smell søndag kveld og observerte mannen med ei hagle i handa, valde politiet å rykke ut. I 23-tida pågreip politiet mannen i heimen hans. Vitner på staden fortel til NRK.no at politiet måtte bryte seg inn i huset for å få kontroll på han.

– Vi har pågripe ein mann i midten av 20-åra. Mannen skal ikkje ha fyrt av skot mot personar eller gjenstander, men opp i lufta, seier politiadvokat Knut Broberg.

Mannen er no satt i arrest på Eid lensmannskontor, og ifølgje Broberg vil politiet i morgon vurdere om dei skal framstille mannen for varetektsfengsling. Mannen er ein kjenning av politiet, og han skal ikkje vere registrert med våpen.