Hopp til innhold

Frykta demning skulle briste - avblåser faren for storflaum

Politiet avblåser faren for storflaum i Luster. – Det blir ikkje naudsynt med evakuering.

Demningen øvst i Fortundalen

HELD PÅ VATNET: Det renn over, men demningen øvst i Fortundalen ser ut til å halde vassmengdene i sjakk fredag kveld.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Fortunselvi

VAKS SEG STOR: Fortunselvi i Luster vaks seg større og blei farga brun.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK
Vegsperring i Fortundalen

HELD VAKT: Politiet har sperra vegen til øvste del av Fortundalen.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK
Fortunelva

OVER SINE BREIDDER: Fortunelva fredag kveld.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK
Fortunelva

PÅ RETUR: Fredag kveld går vasstanden sakte tilbake.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK
Fortunselvi

Slik såg Fortunselva ut nedst i dalen fredag ettermiddag.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK
Fortunselvi

TOPP KLOKKA 18. Fortunselva var venta å nå toppnivå klokka 18 fredag kveld. Det stemte.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK
Fortun Kraftverk

HYDRO ENERGI: Fortun kraftverk tek unna så mykje vatn det kan

Foto: Ottar Starheim / NRK

40--50 bustader vart varsla evakuert då store ismasser losna og vassføringa auka dramatisk i Fortunelva. Frykta var at Hydro Energi sin demning i området skulle gi etter.

– Har kontroll over situasjonen

– Det er no bestemt av det ikkje blir aktuelt å evakuere folk i Fortundalen. Det renn litt vatn over demningen, men ein har kontroll på situasjonen, opplyser operasjonsleiar Kjetil Avsnes ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.no.

Avgjerda vart teken i samråd mellom politiet, NVE og Hydro Energi, like etter klokka 18 fredag kveld.

Ifølgje NRK sin reporter på staden såg vasstanden i elva då ut til å minke. NVE og politiet held oppe beredskapen på staden og overvakar situasjonen utover kvelden og natta.

Klokka 20.30 er situasjonen framleis under kontroll, men augevitne fortel til NRK at vasstanden i elva er noko høgare enn kva den var i 18-tida.

Og det var eit dramatisk scenario politiet frykta tidlegare på dagen:

– Vasstanden i Fortunselva kan auke kraftig utover ettermiddagen, sa innsatsleiar hjå politiet, Stein Helge Selland til NRK.no i 12-tida fredag.

Når klokka nærma seg 16 vurderte politiet situasjonen som noko meir oversiktleg, men politiet gjekk frå dør til dør for å varsle innbyggjarane i Fortundalen i Luster.

Frykta kollaps

– Siste nytt i saka er at politiet saman med NVE kontinuerleg overvakar området og demninga for å vurdere om det er nødvendig å evakuere. Situasjonen har betra seg litt ved at vasstanden ikkje har stige så raskt som ført venta. Dei har kontroll inne på demninga, men vi må avvente nye målingar utanfor demninga før vi kan ta stilling til om det er naudsynt å evakuere personar i området, opplyste operasjonsleiar Kjetil Avsnes ved Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.no i 16-tida.

Elva vil gå over sine breidder klokka 18, dersom den held fram å auka i same takt som den gjorde i halv to-tida, opplyste politiet.

Var klar til evakuering

Grunnen til at Fortunselva aukar, er at bassenget til Hydro Energi på Fivlemyrane tek inn meir vatn enn dei klarar å sleppa ut. Grunnen til det er at ein isvegg har demt seg opp over utløpet til eit underjordisk basseng i Harbarsbreen. No har isveggen brote saman, og alt vatnet som har bygd seg opp, kjem på ei gong.

Politiet frårådde folk å ta seg inn innover Fortundalen.

– Vi har ei mogleg evakuering på gang, så vi vil ikkje tilrå at folk som ikkje har noko i området å gjere der å køyre inn i Fortunsdalen no. Det vil vi ikkje tilrå, sa Avsnes.

Kor mange som oppheld seg innanfor det som politiet rekna som risikosone, visste ein då ikkje.

– Vi har sjølvsagt oversikt over dei som har fast bustad, men det vil også naturlegvis vere ein del folk som er på tur i området som også kan bli råka, sa Avsnes.

Betre meldingar

– Det har jo vore ei dramatisk melding med så store vassmengder, men etter kvart som dette skrid fram no, så har vi fått positive meldingar om at demningen toler meir enn kva ein først trudde, og at den er komme mindre vassmengder som gjer at dette kan kontrollerast. Men vi må halde oss til analysane frå NVE. Det blir desse som avgjer om vi må gjennomføre evakuering, opplyste operasjonsleiar Avsnes.

Hydro jobba på spreng

Kraftverkseigar Hydro Energi har jobba på spreng med å ta unna så mykje vatn som mogleg.

– Vi har opna alle lukene i inntaksmagasinet til kraftverket, og tar ut maksimalt med vatn frå dammen, seier HMS-leiar i Hydro Energi, Svein Hove til BT .

Fortun kraftverk køyrer for fullt og tek unna så mykje vatn ein kan. I tillegg vert det sendt ut maksimalt med vatn til Fortunselva.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.