21.05.2012

Krev betre svar frå UNE i Ilda-saka

Heiki Holmås (NRK)

Heiki Holmås vil ha betre svar frå UNE, og skriv nok ein gong til dei for å få svar i Ilda-saka.

NRK

Stortingsrepresentant Heiki Holmås frå SV meiner UNE ikkje har svart skikkeleg på brevet hans. No skriv han på ny.

- Eg vil no be om fullmakt frå familien Gugna for å kunne be UNE om å gje eit meir konkret svar i saka, seier Heiki Holmås frå SV.

Ikkje godt nok svar

Ilda møtte Heikki Holmås (NRK)

Heiki Holmås har møtt Ilda tidlegare i år, og vil engasjere seg i saka for niåringen og familien hennar.

NRK
Ilda (Foto: Vegar Erstad/NRK)

Ilda vil aller helst vere i Førde med venene sine. Her på skulen i Førde.

Foto: Vegar Erstad/NRK
Ilda og Turi Bruland (Foto: Eli Eikenæs Vengen/NRK)

Turid Bruland er ein av dei beste støttespelarane til familien Gugna. Ho meiner familien ikkje vil få eit godt nok helsetilbod i Kosovo om dei må reise tilbake dit.

Foto: Eli Eikenæs Vengen/NRK

Stortingsrepresentant Holmås er ikkje nøgd med svaret han har fått frå Utlendingsnemda i Ilda Gugna - saka.

– Når vi laga ei ny utllendingslov som vart gjeldande frå 1. januar i år, så var ei av dei viktigaste sakene vi fekk gjennomslag for der, at det skal gjerast ei eiga vurdering av barnet sin situasjon når du avgjer saker. Eg har lest gjennom vedtaket, og eg synest ikkje det er drøfta på ein god nok måte, seier Holmås.

Niåringen Ilda og familien hennar i Førde får ikkje lenger vere i Norge, og har fått avslag på søknaden sin om opphaldsløyve. Dei klaga på vedtaket, men fekk i august i år endeleg avslag på søknaden sin.

Fleire har engasjert seg sterkt i saka, og fleire har uttalt at det ikkje er bra for familien å måtte reise tilbake Kosovo. Europarådets kommissær for menneskerettar, Thomas Hammarberg, har mellom anna sagt at det ikkje er teke omsyn til borna i denne saka.

Skriv nytt brev til UNE

Holmås har også engasjert seg i saka, og har sendt brev til UNE og bede om svar på ei rekkje spørsmål kring vedtaket dei har fatta om familien Gugna.
Men han er ikkje nøgd med svaret han har fått, og skal no skriv eit nytt brev til UNE.

Ni år gamle Ilda har to systre. Foreldra lid av psykiske problem. Barne og ungdomspsykiatrisk avdeling meiner det er fare for at borna kan utvikle kroniske psykiske problem om dei vert sendt tilbake til heimlandet.

- UNE svarar ikkje

- Eg ønskjer å sikre at omsynet til barnets beste har vore vurdert skikkeleg av UNE. Vidare vil eg vite om dei har undersøkt helsetilbodet i heimlandet til familien, og kan seie sikkert at det er godt nok. Men dette har eg ikkje fått noko klart svar på, seier han.

I svarbrevet han fekk frå UNE står det at UNE ikkje kan kommentere enkeltsaker. Når det gjeld helsetilbodet i heimlandet skriv UNE at dei innhentar informasjon om slike forhold.

- Kva ventar du skal kome ut av eit nytt brev til UNE?

- Det er for tidleg å seie noko om. Eg må først ha fullmakta frå familien, så får vi vente ogs jå kva UNE seier.