Hopp til innhold

Ektepar såg bjørn i Stryn

Eit ektepar frå Trøndelag var på tur i området då dei såg ein bjørn stå 20 meter frå dei.

Ved badedammen på Tverrfjellet.

Det var like ved badedammen på Tverrfjellet i Stryn at ekteparet meiner dei såg ein bjørn. Arkivfoto.

Foto: Helga Moen

-Vi skulle til å gå ned bakken mot innkøyrsla til badedammen då vi såg bjørnen stå oppreist ved den spinkle bjørka tett inntil Vinsryggvegen, fortel Hanne Smolan til fjordingen.no .

Stod 20 meter frå dei

Ho fortel til avisa at bjørnen stod 20 meter frå dei, midt i det populære turområdet.

- Vi rygga stilt tilbake og gjekk same vegen som vi kom, seier mannen Vidar Smolan.

  • HØYR:

Varsla om hendinga

Ekteparet er på hytta ved Tonningsetra på fjellet, og reiste tilbake dit for å varsle om kva dei hadde observert. Dei informerte snikkarar som var på nabohytta. Dei tok deretter kontakt med rovviltkontakt i Sogn og Fjordane, Ingolf Folven.

  • HØYR:

Han var på staden måndag ettermiddag og studerte området utan å finne spor, men meiner ekteparet kunne ha observert ein streifbjørn.

Sporhundar på søk

To viltsporhundar var også på staden og søkte i retning Svingesetvatnet på fjellet.

Folven seier at den eine hunden i samband med søket fatta interesse for eit bjørketre på staden. Her var det merker som kan tyde på at bjørn har vore der.

-Ein eventuell bjørn kan allereie ha kome langt, men det er kanskje grunn til å tenkje litt på buskapen ute, seier Folven.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.