Hopp til innhold

Tiltalt for overgrep mot jente (4)

Ein mann i 60-åra frå Sogn og Fjordane er tiltalt for langvarig overgrep mot ei ung jente.

rettsal

I RETTEN: Mannen i 60-åra må i Fjordane tingrett svare for overgrep over sju år mot ei ung jente.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Overgrepa starta ifølgje tiltalen på 90-talet, då jenta var fire år gamal. Dei slutta ikkje før jenta var 11 år gamal. Ifølgje tiltalen skal det ha vore tale om gjentekne overgrep likestilt med samleie.

Kravde tiltale

Mannen står tiltalt for brot på straffelovas paragraf 195, seksuell omgang med born under 14 år. Tiltalen har ei strafferåme på fengsel i 21 år og teken ut etter ordre frå Riksadvokaten.

Overgrepa vart først i fjor sommar meld til politiet. Då politiet aksjonerte fann dei også fleire filmar og kring 40 bilete av grove overgrep mot born ned i femårsalderen på datamaskina til mannen.

Vil krevje erstatning

Verken statsadvokat Kirsti Elisabeth Guttormsen eller jenta sin advokat, Beate Hamre, ynskjer å kommentere saka på noverande tidspunkt.

Mannen sin forsvarar, Mette Yvonne Larsen hos advokatfirmaet Stabell, seier mannen nektar straffskuld.

– Min klien meiner han er uskuldig. Han ser fram til å forklare seg for retten og for å gje sin versjon. Det som står i tiltalten er påtalemakta si oppfatning om kva som skal ha skjedd. Klienten min meiner dette aldri har skjedd, seier Larsen.

Bistandsadvokaten vil på vegne av fornærma i saka krevje erstatning når saka skal opp i Fjordane tingrett over nyttår. Påtalemakta vil på si side krevje inndraging av den tiltalte sine datamaskiner.

Det er sett av fire dagar til saka som startar i februar.