Hopp til innhold

Advokatar skulda for dokumentfalsk

Tre advoktar som representerte Alexela Sløvåg i samband med Vest Tank-ekspolsjonen blir skulda for dokumentfalsk.

Vest Tank

INFERNO: Vest Tank-anlegget i Gulen stod i flammar i mai 2007.

Foto: Kåre Næss

Trond Emblem, tidligere eier i Vest Tank

DØMD: Trond Emblem vart i tingretten dømd til både fengsel og millionerstatning etter Sløvåg-eksplosjonen. Han ventar på ankesaka.

Erik Myhr Nilsen

FORSVARER ALEXELA: Erik Myr Christiansen er advokat for tidlegare Vest Tank - Alexela Sløvåg.

Foto: Stig Erik Elliott / NRK
Forsvarerne til Vest Tank

FORSVARANE: Per Magne Kristiansen (t.v.) og Christian Eckhoff forsvarte Trond Emblem i tingretten.

Foto: Ketil Jordan / NRK

Dei tre er no klaga inn til advokatforeininga.

Det stadfester advokt Per Magne Kristiansen på vegner av Trond Emblem, tidlegare eigar av Vest-Tank. Emblem er dømd til å punge ut 70 millionar, men klagar no på motparten sine advokatar, fortel Kristiansen.

Har kosta 280 millionar

– Han har levert ein klage til Advokatforeningen i høve til den prosessen som har vore, seier Kristiansen til NRK.

Dei kraftige eksplosjonane i mai 2007 førte til omfattande skader og forureining ved Vest-Tank sitt oljeanlegg i Sløvåg i Sogn og Fjordane.

Oppryddingsarbeidet har fått ein prislapp på svimlande 280 millionar kroner, og krangelen om kven som er ansvarleg for eksplosjonane har vore hard.

Anka til lagmannsretten

Trond Emblem vart i den samaheng dømd i tingretten til å betale Alexela Sløvåg 70 millionar kroner. Emblem har anka saka inn for lagmannsretten. Og no har han altså klaga tre advokatar i advokatfirmaet Stenstrup og Stordrange inn for Advokatforeininga og skuldar dei mellom anna for dokumentfalsk. Advokat Kristiansen ønskjer ikkje å gje ytterlegare kommentarar til saka.

– Dette er spelets reglar, og dei følgjer eg. Men det er levert inn ein klage, ja.

– Overraska

Ein av advokatane som er klaga inn til Advokatforeininga, Erik Myhr Nilsen, stiller seg uforståande til påstandane om dokumentfalsk.

– Eg er veldig overraska over at kollega Kristiansen framfører denne typen klager på radio utan å informere oss og spørje oss om kommentarar på førehandm seier Nilsen.

– Men har de forfalska dokument?

– Vi har aldri forfalska noko dokument, men vi kan ikkje kommentere dette utan å vite kva for dokument han snakkar om.

– Ingenting å frykte

Fryktar du reaksjonar frå Advokatforeningen?

– Vi har ingenting å frykte, seier Erik Myhr Nilsen, advokat for Alexela Sløvåg.

Han ønskjer ikkje å uttale seg på radio, men fortel at han er overraska over å vere klaga inn til advokatforeininga utan å vere informert om det på førehand. Ut over dette ønskjer han ikkje å uttale seg.

Det blir no opp til advokatforeinga om det vil bli reaksjonar mot dei tre Alexela-advokatane.