Hopp til innhold

Fråskriv seg ansvar for giganttap

Bremanger-ordførar Kåre Olav Svarstad fråskriv seg ansvaret for det siste Terra-tapet til kommunen.

Video Ny økonomisk smell for Bremanger

SJÅ: Bremanger har gått på ein ny økonomisk smell.

Gambling på framtidig rentenivå har gjeve kommunen eit nytt tap på 39 millionar kroner i år. Det kjem på toppen av dei nær 200 millionane som dei tapte i samband med Terra-skandalen.

LES: Alt om Terra-skandalen

- I 2006 og 2007 skjedde det veldig mykje i Terra-saka, men desse gjeldsforvaltningsopplegga var eg ikkje involvert i, seier ordførar Kåre Olav Svarstad.

- Vi vart deppa

Ordføraren seier det var tidlegare rådmann Tor-Kristian Gulhaugen inngjekk avtalen der kommunen sine pengar vart gambla på framtidig rentenivå.

Blir rentenivået lågt også i åra som kjem, vil kommunen tape ytterlegare store summar. Det var noverande rådmann, Tom Joensen, som orienterte politikarane om situasjonen.

Kåre Olav Svarstad, ordførar i Bremanger.

Kåre Olav Svarstad seier kommunen ikkje forstod risikoen i gamblingane dei kasta seg ut på.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

- Vi vart deppa heile gjengen, seier Svarstad.

Fortvila rådmann

Gulhaugen ynskjer ikkje å uttale seg om saka, men viser til avtalane, som vart inngått i tidsrommet mars 2006 til februar 2007, er registrert i kommunen sine rekneskap.

Joensen er fortvila over situasjonen.

- Det er forferdeleg. Slike typar papir skal ikkje kommunane ha. Hadde eg visst dette, så er det ikkje sikkert eg hadde vore rådmann i Bremanger, seier han.

- Må brette opp ermane

Også derivata var det meklarar frå det utskjelde og no nedlagde selskapet Terra Securities som formidla. Avtalane vart gått inn mellom Bremanger kommune og bankane Fokus Bank og Depna Bank.

Transaksjonane på 828 millionar kroner er knytt opp mot ordinær lånegjeld i kommunane. No må kommunen truleg gjennomføre store nye kutt for å få budsjetta i balanse.

- Vi må på nytt brette opp ermane og finne løysingar for å løyse dei oppgåvene vi er pålagde å gjere, seier Joensen.

Forstod ikkje risikoen

Svarstad vedgår at politikarane ikkje forstod kva risiko derivata innebar for kommunen. Han seier dei vart informert om avtalane, men ikkje visste at dei kunne gje store tap.

- Den forklaringa som vart gjeven i 2007 frå dei økonomiske rådgjevarane var at dette var avtalar knytt opp mot den ordinære gjeldsforvaltninga i kommunen. Kva dette gjekk ut på var det ikkje gjeve noko forklaring på då. Det er noko vi ynskjer fullstendig oversikt over slik at ein kan vurdere kva vi har, kva vi skal gjere med det og kva verknader det kan få, seier han.