Morgonstemning i Hyllestad sentrum. Lihesten i stjernerolle.
Her gjekk turen.
Ingemar Nordstrand (78) har eit smadra lårbein, 'lappa saman med jern og hesjestreng'. Men det går.
Halvvegs inn lia. Utsikt over Lifjorden.
Til høgre: Fort og farlig. Til venstre: Langt, men trygt.
Under sjølve massivet, på veg mot Lundelandsstien.
Akkurat komne opp på platået.
Gygreskvetten er ein legendarisk styrkedrikk under Lihest-klyvet. Det er berre Ingemar som kjenner resepten.
Jammen godt den stoppa der! Første offentlege toalett eg har funne på fjellet. (Med innlagt bok!)
På veg mot toppen går vi langs kanten. Måtte krype utpå og få oss ein kikk.
Ingemar i sitt kongerike.
Jag kan flyga. Jag er inte redd.
Ingemar ved Gygrekjeften. Obs. varden på tuppen. Eit monument over (enkelte) menneske sin galskap.
Ingemar ved Havørn-støtta. Eit område vel verdt eit besøk. Opp veggen bak han klatra lokale ungdomar høgre enn proff-klatrarane.