Hopp til innhold

Etterlyser Ford Transit

Politiet i Gulen etterlyser tips frå publikum som har sett ein kvit eller lys Ford Transit etter villainnbrota i kommunen natt til onsdag.

Politioverbetjent Roar Brudevoll i Gulen

Politioverbetjent Roar Brudevoll ved Gulen lensmannskontor seier dei no etterlyser to ulike bilar i samband med innbrotsraidet i Gulen tidlegare denne veka.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Til saman tre bustadhus og Haugsvær Auto i Gulen besøk av tjuvar, som politiet reknar med er mobile vinningskriminelle frå utlandet.

- Politiarbeidet går for fullt med å samle inn informasjon og arbeide vidare med, seier politioverbetjent Roar Brudevoll i ved Gulen lensmannskontor.

Etterlyser eldre Ford Transit

Onsdag gjekk politiet ut og etterlyste tips frå publikum som hadde sett ein sølvgrå Subaru Impreza, med kjennemerket KH eller KN. Denne knyter politiet til innbrotet på Haugsvær Auto.

- Vi er også interesserte i tips om ein kvit eller lys Ford Transit av eldre modell. Den eine bakruta skal vere tapa igjen med anten aluminiumstape eller grå tape og den skal ha utanlandske skilt, seier Brudevoll.

Denne bilen skal også vere sett i området natt til onsdag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tomas Haugen

Tomas Haugen vakna av at tjuvane romsterte i huset.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Tomas Haugen i Instefjord var blant besøk av tjuvane. Han vakna av at det singla i ruta på eit vindauge og tok opp jakta på det han oppfatta som to menn.

- Eg heiv meg i bilen, og køyrde rundt og såg etter tjuvane. Hos naboen hadde dei brote seg inn bakvindauget, seier han.

Tjuvane har truleg flytta seg til ein annan del av landet

Avdelinga for mobile vinningskriminelle i Hordaland politidistrikt arbeider no vidare med saka saman med lensmannskontoret i Gulen.

- Vi har ein del spor vi kjem til å undersøke vidare, seier Brudevoll.

Tidlegare har det ikkje vore vanleg med utanlandske mobile vinningskriminelle på Vestlandet. Men i det siste har politiet hatt fleire saker. Men etter raidet i Gulen natt til tysdag har det no vore stille nokre dagar.

- Det er roleg i Gulen no, og det har også vore roleg elles i politidistriktet. Truleg har dei flytta seg til ein anna stad i landet, seier Brudevoll.