Hopp til innhold

Tek Sogndal sin første bortesiger mot Bodø/Glimt?

Bodø/Glimt - Sogndal direkte frå klokka 15.30 Serieleiar Sogndal har statistikken mot seg når dei i ettermiddag entrar kunstgrasmatta på Apsmyra stadion.

Espen Olsen, Gustav Valsvik og Håvard Flo

UTAN VALSVIK: 18 år gamle Gustav Valsvik (midten) har blomstra i Sogndal-drakta i haust, men er ikkje i troppen mot Bodø/Glimt.

Foto: Rune Fossum / NRK

Ifølgje Sogndal sine eigne statistikarar har laget aldri vunne eit borteoppgjer mot Bodø/Glimt.

FØLG KAMPEN PÅ NRK.NO FRÅ KLOKKA 15.30:

Sju tap - fire uavgjort

Etter 11 forsøk på Aspmyra har Sogndal sju gonger reist heim med tap. Fire av kampane har resultert i uavgjort. Verdt å merke seg er det også at det er på heimebane Bodø/Glimt, som ligg på kvalikplass til eliteseriespel, jamt og trutt har plukka poeng i år.

Då laga møttest på Fosshaugane i vårsesongen, sikra Håvard Flo 1-0-siger til heimelaget.

Artikkelen held fram.

Henrik Furebotn, Ole Jørgen Halvorsen og Per Egil Flo

MEIR JUBEL: Hernrik Furebotn, Ole Jørgen Halvorsen og Per Egil Flo har hatt mykje å klappe for i år. Klappar dei på veg heim frå Bodø også?

Foto: Rune Fossum / NRK

Hadde spelefri sist helg

Bodø/Glimt hadde sist helg spelefri grunna kansellert kamp mot konkursråka Lyn, mens Sogndal vann 2-1 heime mot Alta. Slik sett er bør Glimt stille med friske bein, men Sogndal er som kjent i flytsona og har plukka trepoengarar som perler på ei snor i haust.

Sogndal toler tre tap

Og om statistikken på Aspmyra er trist lesnad, talar tabellen i 1. divisjon til fordel for Sogndal. Med seks kampar att å spele, inkludert søndagens oppgjer, kan Sogndal med 11 poengs luke ned til kvalifiseringsplass tole å gå på tre tap. Laget kan også ta med seg eit uavgjort resultat utan at det – uavhengig av dei andre laga sine resultat – får følgjer for opprykket.

Ifølgje sogndalfotball.no reiste laget med buss til Gardermoen laurdag, der dei tok fly til Bodø. Der venta trening på kunstgraset og overnatting på hotell.

Harald Aabrekk

UTAN ELVIS: Trenar Harald Aabrekk må klare seg utan Elvis som fekk ein smell mot Alta sist helg. Elvis soner uavhengig av skadesituasjonen, karantene for gule kort.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sogndal-troppen mot Glimt:

  • Piotr Leciejewski
  • Joe Bendik
  • Per Egil Flo
  • Even Hovland
  • Lars Grorud
  • Mats Solheim
  • Thomas Ness
  • Isak Scheel
  • Vegar Gjermundstad
  • Henrik Furebotn
  • Ole Jørgen Halvorsen
  • Barry Kader
  • Espen Olsen
  • Tommy Øren
  • Joakim Rudolfsen
  • Ulrik Flo
  • Håvard Flo