Hopp til innhold

– Ei skam at ingen brukar slaget

Eit av Norges mest kjende slag vart utkjempa på Fimreite, men lokalt har ein aldri makta å utnytte dette.

Fimreite

FIMREITE: Her stod norgeshistoria sitt største slag.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Johs B. Thue

ETTERLYSER: Lokalhistorikar Johs B.Thue er forundra over at ingen har gjort næring ut av Norges største slag.

Foto: Rune Fossum / NRK

– 2160 menn omkom. Vi snakkar altså om det største slaget i norsk historie. Det er ei skam at Sogn ikkje har fått til kulturnæring av Slaget ved Fimreite, meiner lokalhistorikar Johs B. Thue.

Han kjem med kritikken i kjølvatnet av eit føredrag han nyleg held på Leikanger om det historiske slaget .

Utrydda aristokratiet

Slaget ved Fimreite stod i 1184 mellom to kongar. Magnus Erlingsson var krona til konge av erkebiskopen. Han var såleis kyrkja og aristokratiet sin konge.

Sverre Sigurdsson var konge blant dei opprørske birkebeinarane. Sverre og Magnus slest om å verta einerådande konge. I slaget ved Fimreite stilte Sverre opp med halvparten så mange skip som Magnus. Men likevel vann Sverre det blodige slaget.

– Han utrydda det gamle aristokratiet. Og dette gjorde han stort sett ved Salget på Fimreite, fortel Thue.

Nettopp dette meiner Thue gjer slaget ved Fimreite til ein milepæl i Noregshistoria. I dag vert folk minna om slaget ved Fimreite med ein minnestein og eit vegskilt, og ikkje stort meir. Altfor dårleg, meiner Thue.

Artikkelen held fram.

Slaget ved Fimreite

MASSAKRE: Slaget ved Fimreite kravde fleire liv enn noko anna kjent slag på norsk jord.

– Tafatte sogningar

– Eg skriv det på kontoen som heiter «det tafatte Sogn». Der minner eg om Einar Førde sine ord, som eg sjølv er samd i og som eg skal ta min del av skulda for at ikkje noko er gjort. Han skriv at «sogningar har ein naturleg aversjon mot all næringsaktivitet». Den svartgrå rullegardina som vi har trekt ned over Slaget ved Fimreite er ei skam for oss alle, meiner Thue.

Kong Olav avdukjer bautaen på Fimreite

1984: På året 800 år etter at slaget stod, avduka kong Olav minnesmerket over Slaget ved Fimreite. Bautaen er i dag det einaste på Fimreite som vitnar om slaget.

Spelet om Heilag Olav, ei teaterframsyning om Norges mest kjende slag går av stabelen på Stiklestad i Nord-trøndelag kvart år. Her har dei bygd opp eit heilt kultursenter rundt slaget der Olav den heilage fall, og noko slikt meiner Thue ein kunne fått til med slaget ved Fimreite også.

– Det faghistoriske miljøet og dei som driv næringsutvikling langs fjorden her burde komme saman og sjå om ein kan få gjort noko. Kanskje ta ein tur til Stiklestad og sjå på korleis dei har klart å få Slaget til Stiklestad til å bli ei stor kulturnæring.

– Sogndølene har vore lite stolte

Føredraget om slaget ved Fimreite heldt Thue på Leikanger under arrangementet Fruktbare dagar. To interesserte tilhøyrar var Harald Nornes og Einar Sæterbø.

Dei meiner regionsenteret heile tida har teke avstand frå slaget ved Fimrite, og trur det kan vera noko av grunnen til at det ikkje har vorte kulturnæring av hendinga.

– Det er vel noko i det som vart nemnt her, at sogndølene aldri har vore noko særleg stolte av dette. Sogndal og Kaupanger blei jo brent ned av Sverre i framkant av slaget, og det har vel ikkje blitt sett så høgt det han gjorde, seier ein av karane.

– Eg trur at om slaget hadde stått i Sogndalsfjøra så hadde det vore mykje meir interessant for sogndølene. No stod det ute i Norane. Og that's it, seier den andre.

Artikkelen held fram.

Fimreite, sett frå Norane

PÅ BUKTA: Her, inne på bukta nedanfor Fimreite-gardane vart slaget utkjempa.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Stor interesse

Uansett, føredraget til Thue trakk 130 tilhøyrarar så salen på Leikanger fjorhotell var overfyllt. Det meiner historikaren sjølv vitnar om interesse.

– Det er heilt overveldande. Det vitnar om at det er eit sug i marknaden etter historieformidling, konkluderer Johs. B. Thue.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.