Hopp til innhold

Første salve for Dalsfjordbrua

Klokka 14 small første salva for å fullføre Dalsfjordsambandet.

Eit hundretals personar hadde møtt fram for å feire siste byggjesteg med flagg og champagne.

Askvollordførar Aud Kari Steinsland fekk æra av å fyre av den første salva.

– Dette er stort for heile området. Det vil knyte folk ihop og skape utvikling i regionen.

Skammens veg

Skandalveg og skammens veg er nokre av karakteristikkane som er brukte på vegprosjektet som enda i ei ur på 70-talet.

I 35 år har forkjemparane venta på at sambandet skulle bli ein realitet. I desember i fjor kom gladmelding: Det blir bru over fjorden.

Oppturar og nedturar

Roald Søreide er ein av mange som har vore involvert i kampen for sambandet. Han har samla papir om Dalsfjordsambandet sidan tidleg på 70-talet og var også leiar av aksjonsnemnda på den tida.

– Eg har vore med på både oppturar og nedturar, og tidleg på 80-talet gjekk vi til skattestreik. Det var ein forferdeleg periode, men det enda med at vi fekk besøk av samferdsleministeren på den tida. Han sa at det var ein skandale og fann ti millionar kroner som han sendte til Sogn og Fjordane. Men dei var spreidde for alle vindar for dei kom på konto, det er eg sikker på.

Stor tru på framtida

For aksjonistane har det veksla mellom sinne, håp og tru å vente i alle desse åra. Søreide har god tru på at brua betyr mykje for framtida til samfunnet.

– Det har vore ein forferdeleg trasig tilstand for å få det til. Men no har eg stor tru på at HAFS-området kjem til å gå inn i ein ny periode med berre optimisme. «Ferger forbinder, broer forener», seier han.

(Artikkelen held fram)

Roald Søreide, Petter Jonny Rivedal, Rolf Losnegård og Kjartan Bentås

VEGFORKJEMPARAR: Roald Søreide, Petter Jonny Rivedal, Rolf Losnegård og Kjartan Bentås har alle kjempa for vegen og brua.

Foto: Birger Meland / NRK

Kuppa opninga av kunstnarsenteret

Ein annan som har vore involvert i kampen for sambandet er Rolf Losnegård. I 1998 planla han eit spesielt stunt for å få merskemd.

– I 1998 kuppa vi opninga av kunstnarsenteret på Dalsåsen, for vi visste at kulturministeren var der. Vi fekk eit helikopeter til å flyge den første ferjefrie bilen over fjorden og vi hadde ungar som song og peikte mot bilen. Vi hadde også eksplosjonar med røyk der brufestet skulle vere. TV-fotografane snudde kamera sine og det heile blei vist på fjernsyn.

I dag er han glad for at kampen er over.

– Dette er ein festdag som nesten er uverkeleg.

Han har skrive ein stubb som han framførte i føremiddagssendinga vår. Den kan du også høyre her:

(Artikkelen held fram)

Dalsfjordsambandet skal det ende her

SKAL DET ENDE HER? I desember i fjor vart det klart at vegen og brua blir bygd.

Foto: NRK.

Skal det ende her?

Opp gjennom åra har mange lokale aksjonistar organiserte seg, og dei har vore oppfinnsame i valet av aksjonsformer. I svaberget der vegbygginga vart stansa vart det skrive med store bokstavar: "Skal det ende her?".

Men målinga forvitra og i 1997 var det ein gjeng som bestemte seg for å restaurere målinga på bergveggen.

Petter Jonny Rivedal var ein av dei som var med,

– Malinga var forvitra, så vi måla oppå i 1997. Det gjekk mykje måling med, men vi meinte at heile prosessen om brua var så galen at vi fann ut at noko måtte gjerast.

Og klokka 14 i dag small første salva og 35 år med kamp for sambandet er over.

Eikenes ferjekai med halvferdig veg til Dalsfjordbrua

HALVFERDIG VEG: Vegen til venstre i biletet er starten på skandalevegen som berre vart fire kilometer lang og enda i ingenting.

Foto: Birger Meland / NRK
Ingolfr Arnason med flagg

FLAGGAR: Også Ingolfr Arnason-statuen som står i Holmedal flaggar i dag, med både det norske og det islandske flagget-.

Foto: Birger Meland / NRK