Hopp til innhold

- Skremmande tal, men gir ikkje opp

Sentraliseringskreftene er svært sterke, er svaret frå Senterparti-politikarar etter å ha fått presentert svært dystre spådommar for folketals-utviklinga i fylket.

Nils R. Sandal

GIR IKKJE OPP: Fylkesordførar Nils R. Sandal seier vi ikkje må gå inn i ein depresjon.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

For medan Hordaland vil få ein befolkningsauke på størrelse med heile Sogn og Fjordane, vert fylket knappe 2000 fleire i 2030.

– Må ikkje gå inn i depresjon

Fylkesordførar Nils R. Sandal seier tala er skremmande, men vil likevel ikkje gje opp.

– Det er ikkje hyggelege prognosar framover. No er det er viktig at vi ikkje går inn i depresjon, men at vi tvert imot jobbar ytterlegare for å motverke desse tala.

Områda rundt Bergen veks

For prognosane er svært negative. Som einaste fylke, utanom Finmark, vil Sogn og Fjordane ha minimal befolkningsauke fram mot 2030. Bergens Tidende har lagt fram tal frå statistisk sentralbyrå som viser at Bergen vil tappe områda rundt for busetnad.

– Det er for så vidt skremmande tal, men ser vi isolert på Hordaland, så er det områda kring Bergen som veks enormt. I indre Hordaland er det same problema som vi har. Det berre understrekar at sentraliseringskreftene er sterke.

– Kunne vore verre

Jenny Følling

KUNNE VORE VERRE: Gruppeleiar for Sp i fylket, Jenny Følling, trur utviklinga kunne vore verre.

Sjølv med desentraliseringa sin fremste forkjempar i regjering, vil kommune etter kommune misse innbyggjarar. Gruppeleiar for Sp i fylket, Jenny Følling, trur det kunne vore enda verre.

– Det kunne vore ei meir negativ utvikling om ein ikkje hadde hatt eit parti som meiner det er viktig med desentralisering.

– Må gi handlingsrom

Noralv Distad

SPELEROM: Høgre-topp Noralv Distad trur det viktigaste er å gi handlingsrom.

Foto: pressefoto, Høgre

Høgre-topp Noralv Distad meiner ein har for stor tru på politiske virkemiddel.

– Ein kan ikkje gjere vedtak om at vi skal ha desentralisert utvikling i landet. Det viktigaste er å gj tilstrekkeleg handlingsrom lokalt og gi spelerom for næringslivet.

Trur ikkje slaget er tapt

Trass svært dystre framtidsutsikter nektar Sandal for at slaget er tapt.

– På ingen måte. Her må vi berre gå med krum nakke og sjå kva moglegheiter vi har og gjere noko med dei. Greier vi det, er sjansen for at også vi kan lukkast.

Kan den negative trenden snuast? Har du forslag til korleis? Sei di meining i kommentarfeltet under tabellen.

Endring i innbyggjartalet fram til 2030

Kommune

Innbyggjarar i dag

Endring til 2030

Endring i prosent

Førde

                    12 035

                   3 055

                     25,38

Sogndal

                      7 035

                      749

                     10,65

Jølster

                      2 981

                      204

                       6,84

Flora

                    11 586

                      747

                       6,45

Hornindal

                      1 227

                        77

                       6,28

Stryn

                      6 967

                      422

                       6,06

Gaular

                      2 778

                      141

                       5,08

Eid

                      5 849

                      269

                         4,6

Fjaler

                      2 846

                        84

                       2,95

Solund

                         867

                        19

                       2,19

Lærdal

                      2 194

                        43

                       1,96

Luster

                      4 945

                        62

                       1,25

Årdal

                      5 634

                        24

                       0,43

Naustdal

                      2 675

                       -34

                      -1,27

Gloppen

                      5 696

                     -254

                      -4,46

Leikanger

                      2 182

                     -116

                      -5,32

Gulen

                      2 302

                     -182

                      -7,91

Hyllestad

                      1 502

                     -121

                      -8,06

Balestrand

                       1344

                     -121

                      -9,00

Høyanger

                      4 526

                     -426

                    -10,01

Vågsøy

                      5 996

                     -612

                    -10,21

Bremanger

                      3 908

                     -457

                    -11,69

Vik

                      2 768

                     -374

                    -13,51

Selje

                      2 821

                     -398

                    -14,11

Aurland

                      1 682

                     -270

                    -16,05

Askvoll

                      2 999

                     -626

                    -20,87

Fylket

                  107 080

                   1 905

                       1,47

Kjelde: bt.no/SSB

Ekspander/minimer faktaboks