Rimfrosten låg tung over Østerbø. Fem kuldegrader.
Inn og ut av skoddeheimen.
Slik skal ei hytte ligge.
Kristin Sønnerheim har stelt stien gjennom Aurlandsdalen i over femti år.
Forreve landskap. Det er det det heiter. Det var her dei fann opp det ordet.
Det er ikkje lett å være grasstrå i oktober.
Her har menneske gjennom hundrevis av år trakka ei renne i berget.
Kaare Sønnerheim har laga fylkets finaste vardar. Merket, det stend, om mannen han stupe.
Høgt der oppe, der sola skin, der kom vi.
Rein poesi.
Høge fjell og bratte lier.
Sinjarheim. Her vaks tolv born opp rundt første verdskrig.
Kristin ser opp på Sinjarheim. Vinn ho i Lotto, skal ho spandere bedre sti opp der.
Trur dei valde ein lur plass å legge huset, ja...
Aurlandsdalen er elskovsdalen. Dette merket finn du i berget litt nedi dalen.
Framme i Vassbygdi møtte me to menneskelige vesen...