Hopp til innhold

Slik er stoda på vegane

Det første snøfallet kom som julekvelden på kjerringa torsdag. – Folk må ikkje leggje ut på vegane utan vinterdekk i dag!

Snøføre i Førde 22.10.10

VINTERFØRE: Angedalsvegen i Førde, fredag klokka 06.30.

Foto: Vidar Gudvangen (mms) / NRK

Det er den klare oppmodinga frå vaktoperatør Kjetil Molvær ved Vegmeldingssentralen i Lærdal.

– Det var skikkeleg hektisk i går. Det blir veldig mykje trøbbel ute på vegane når folk køyrer på sommardekk, konstaterer Molvær.

Hektisk gårsdag

Torsdag vart ein hektisk dag for bilbergingsselskapa, og irriterte bilistar som ville klage på andre bilistar som freista å køyre med sommardekk, tok kontakt med politi og andre etatar.

Tidleg fredag morgon ser det ut til at situasjonen på vegane har normalisert seg. Litt før klokka sju melder Statens vegvesen om rolege tilhøve på vegane i Sogn og Fjordane.

Ramsdalsheia

40 CM SNØ: Ramsdalsheia mellom Naustdal og Flora, sett frå traktorhytta fredag morgon. Minus 2 grader og 40 cm snø.

Foto: NRK.no-tipsar

Må rekne med frost

– På høgfjellet er det gangske bra vêr, så der er det ikkje noko problem . Det er forholdsvis kaldt og ikkje så mykje vind. Men det er meldt meir nedbør, til dømes på Vikafjellet frå i 11-tida, og på dei andre fjellovergangane frå i 14-tida og utover mot 16-17 at det kjem litt nedbør. Men det er ikkje meldt mykje vind Så det bør, fortel Molvær.

I låglandet har det så langt vore veldig få klager i Sogn og Fjordane.

– Men i Rogaland og Hordaland har det frose på nesten alle stader, så eg reknar med at det dreg seg nordover. Det blir nok glatt utpå dagen, det må ein rekne med, seier vaktoperatøren på Vegmeldingssentralen.

Bilist: – Det er såpeglatt

Ein NRK-tipsar ber trafikantar på fylkesveg 618 mellom Måløy og Selje om å vere obs på ein bil som ligg på sida i ein skarp sving like ved Gangeskartunnelen på Flatraket.

– Her er det såpeglatt, seier innringjaren.

Ein annan tipsar fortel om vanskelege køyreforhold på fylkesveg 609 mellom Stongfjorden og Førde.

I Sunnfjord er det tett snødriv klokka 07.40.