Hopp til innhold

Stal tre sauer

Byta ut lappane i øyra med sine eigne.

Sau

Illustrasjonsfoto

Foto: Lars Håkon Pedersen / NRK

– Saka er ikkje meld til oss, men vi har vore i kontakt med partane som ville gjere opp i minnelegheit. Vi forventar at så skjer, seier politiførstebetjent Rolf Knudsen i Stryn til Fjordingen.

Ein saueeigar i Stryn kommune sakna for tre veker sidan tre sauer. Seinare fann han dei merka om i fjøsen til ein annan saueeigar.

– Mistanken var der då han ikkje fann dyra på beite, og eigaren oppsøkte vedkomande. Der fann han søya og to lam. Øyrelappane var bytta ut, men merka i øyra er ikkje råd å skjule, seier Knudsen, som aldri har vore borti liknande sak.