Hopp til innhold

Tok sin første seniortittel

Vebjørn Varlid vart laurdag nordisk meister i vektløfting. Han sette med det krona på verket i det som vart ein jubeldag for løftarane frå Tambarskjelvar.

Vebjørn Varlid

GULL: Vebjørn Varlid har sanka juniormedaljar jamt og trutt. No har han tatt steget opp til dei store.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det er første seniormeisterskapstittelen min, og er framleis junior. Løftinga stemmer bra, sjølv utan formtopp. Så dette lovar godt, seier 20-åringen frå Førde.

Fire medaljar og lagsiger

Og Varlid sin gullmedaljei klasse 105+ var berre toppen av kransekaka då Nordisk meisterksap gjekk av stabelen på Spydeberg i Østfold laurdag.

Sindre Rørstadbotnen

SØLV: Sindre Rørstadbotnen er framleis berre 18 år, men i nordisk seniormeisterskap tok han likevel sølvmedalje.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sindre Rørstadbotnen (18) tok sølv i sin klasse. Det same gjorde Yngve Apneseth, mens Steinar Kvame tok bronse i sin klasse. Løftarane frå Tambaskjelvar IL i Naustdal vann i tillegg lagkonkurransen.

– Dette heng høgt

– Det er veldig kjekt. Ein nordisk seniormeisterskapstittel heng høgt. Eg hadde ikkje planar om å ta ein slik før om eit par år, så eg er veldig godt fornøgd, seier Varlid til NRK.

Han vart ståande med 150 og 180 kg som medførte eit klart gull i den tyngste klassen. Han hadde også ei god vendig på 185 kg ,men gjekk tom før overstøytet.

– Det stemte veldig bra teknisk. 150 i rykk har aldri vore så lett, fastslår sunnfjordingen.

Takkar trenaren

Han gir trenar Gunnar Reiakvam æra for den gode laginnsatsen.

– Dette var taktisk løfting. Vi må takke trenar Gunnar Reiakvam som gjer ein kjempejobb med karane, seier den nybakte meisteren.

No ventar junior-EM om tre veker for Varlid og Rørstadbotnen.

Stian Grimseth

DEN EINASTE, FØREBELS... Tidlegare toppidrettsutøvar Stian Grimseth har oppnådd meir enn nokon annan løftar frå Sogn og Fjordane. Vebjørn Varlid har som mål å bli minst like god.

Foto: NRK / NRK

– Eg heng litt etter i støyt, men i rykk kan ein vel alt seie at eg er blant dei beste i Europa. Eg har rykka 162, så eg skal komme meg inn blant dei seks-sju beste og håpar på medalje.

Målet: OL i 2016

Varlid som av mange er rekna for å vere den neste Stian Grimseth, satsar no for fullt på idrettskarrieren.

– Eg har sett meg høge mål om å komme til OL og gjerne vere med å kjempe om medaljar der i 2016 – 2020. Men det er lang veg å gå, seier løftaren frå Førde.