Hopp til innhold

Har ikkje hatt ein dag utan Northug

Petter Northug har i lange periodar har gjort seg utilgjengeleg for media. Det har landslagstrenar Morten Aa Djupvik fått merke...

Morten Aa Djupvik

HYSTERI: Da Petter Northug viste seg utanfor løparhotellet på Beitostølen, flokka media seg rundt skistjerna frå Trøndelag. Morten Aa Djupvik kunne trekkje seg tilbake med eit smil om munnen.

Foto: Rune Fossum / NRK

Petter Northug jr.

MØTTE MEDIA: Petter Northug

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

Medan Petter Northug heldt pressekonferanse for 80 frammøtte medier på Beitostølen framfor sesongopninga, sat Morten Aa Djupvik og resten av støtteapparatet og lytta avslappa til det skistjerna frå Mosvik hadde å seie.

Det er nemleg ikkje kvar dag Northug snakkar med media.

- Sirkuset rundt Northug har gjort at eg har brukt veldig mykje tid på han. Frå i dag er det derimot Vidar Løfshus som skal ta seg av alt det utanomsportslege rundt Northug når han er på landslaget, seier Aa Djupvik.

LES OGSÅ:

Minst éin Northug-telefon om dagen

Trenaren karakteriserer situasjonen rundt Northug som eit hysteri. Det er bortimot ein einmannsjobb å skulle ta seg av alle førespurnadene til trønderen. Den jobben har Aa Djupvik teke mykje av fram til no.

Samstundes avviser han at presset har teke fokus bort frå jobben som landslagstrenar, men han er glad ein annan tek seg av den biten utover vinteren.

- Eg kan med handa på hjartet seie at sidan juli har eg hatt minst éin telefon med førespurnader rundt Northug, seier Aa Djupvik.

- Og det har vore utanfor sesongen...

- Ja, og det er først no det startar for alvor, seier Aa Djupvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Morten Aa Djupvik

GLER SEG: - VM på heimebane blir ein 'once in a liftetime experience' - eg ville aldri ha vore det forutan, seier Morten Aa Djupvik.

Foto: Rune Fossum / NRK

Vi ikkje ta stilling til framtida etter VM

Landslagsløparane går fredag sine første løp for vinteren under den nasjonale sesongopninga på Beitostølen. Deretter går det slag i slag med verdscup - før sesongens høgdepunkt med VM i Holmenkollen.

- Eg gler meg veldig, og eg meiner vi er godt førebudde. No handlar det om å gjere dei rette vala, så skal vi slå godt frå oss i VM, seier han.

- Blir det ditt siste meisterskap som trenar?

- Det får vi vurdere når den tida kjem. No skal eg bruke alle krefter og ressursar på å få gutane til å prestere best mogleg, seier Aa Djupvik.