Hopp til innhold

Vil kjempe for lokalt alkoholsal

Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget seier nei. Tor Bremer (Ap) vil likevel seie ja.

Tor Bremer

Stortingsrepresentant Tor Bremer seier Arbeidarpartiet ikkje har bestemt seg, men at han uansett vil røyste for at lokale produsentar får selje det dei produserer på gardane sine.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Torsdag bestemte fleirtalet i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget at lokale produsentar ikkje får lov til å selge alkohol på gardane sine .

Når saka kjem opp i samband med ny landbruksmelding, vil Stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Tor Bremer, likevel røyste for at småskalaprodusentane får selje eigenprodusert alkohol.

- Dette bør ein kunne få til på lik linje med landbruk i resten av Europa. Det kan gjere norske gardar meir attraktive og det kan gje eit betre tilbod til turistar som kjem til Norge, seier Bremer.

Skuldar på Ap

Landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) sa han ynskte å legge til rette for at lokalprodusentar kan selje alkohol på gardane sine då han i fjor opna Ciderhuset i Balestrand . Sidan har han ikkje fått med seg dei andre regjeringspartia på dette.

(Artikkelen held fram under biletet)

Eli-Grete Høivik, Lars Peder Brekk og Åge Eitungjerde

Eli-Grete Høivik, Lars Peder Brekk og Åge Eitungjerde under opninga av Ciderhuset i august i fjor.

Foto: Robert Jan Leerink

Trine Skei Grande i Venstre, som har kome med framlegget, seier det er Arbeidarpartiet som set kjeppar i hjulet for lovendringa.

- Det er veldig dumt, for dette er veldig mykje distriktsnæringsliv, det er lokalt næringsliv og det er også korleis ein skal nyte det gode liv. Det er utruleg dumt for alle dei som har lyst til å skape arbeidsplassar på bakgrunn av dette, seier ho.

Skuffa produsentar

Åge Eitungjerde

Åge Eitungjerde i Ciderhuset er skuffa over innstillinga til helse- og omsorgskomiteen.

Foto: Kristine Askvik / NRK

Åge Eithungjerde, som driv Ciderhuset, er skuffa over innstillinga og meiner vedtaket til helse- og omsorgskomiteen blir ståande også etter at Stortinget har sagt sitt.

Han meiner dei lokale produsentane er avhengiga av å kunne selje det dei lagar på gardane sine. Slik som kollegaer i andre europeiske land.

- Dersom vi i Norge skal få til ei skikkeleg satsing på lokal mat og lokal drikke, så er vi nøydde til å få endra dette regelverket slik at drikke blir behandla på same måte som lokal mat og at vi får utvikla tradisjonar på dette området, seier han.