Hopp til innhold

Gambla vekk EM-medaljen

Vektløftaren Vebjørn Varlid hadde håp om medalje i sitt siste junior-EM. Det vart med 4. plass - og nordisk rekord i rykk.

Vebjørn Varlid

PERSA SEG: Vebjørn Varlid har persa seg åtte kilo i rykk i løpet av året. På Kypros rykka han opp 163 kilo. Her får han opp 182 kilo i støt.

Foto: Tryggve Duun

Kraftpluggen rykka opp 163 kilo, noko som er ei forbetring på eitt kilo i høve hans eigen personlege rekord. I støt vart 182 kilo.

I rykk glapp medaljen med to kilo.

- Eg kjenner eg fint kunne kasta på det, så det er litt surt. Men det såg ut til å halde til sølv med 163 kilo, seier tambarløftaren.

- Rett å gamble

Det var før siste runde at dramaet utspann seg. Med sølvet innan rekkevidde, meinte trenar Gunnar Reiakvam at det ville halde med 163 kilo.

- Det var heilt rett taktisk. Polakken fekk så vidt opp 160 kilo, og litauaren var nede på 162 kilo. Vi hadde alle eit løft att, så eg gjekk for 163. Diverre fekk dei opp nokre kilo til. Det hadde eg aldri trudd då eg såg løfta deira, seier Varlid sympatisk.

- Er i toppen

Trass fjerdeplassane, er Varlid likevel nøgd. Meisterskapen på Kypros var hans siste junior-EM.

Før konkurransen var han ranka som den sjette beste utøvaren i hans klasse. Ein fjerdeplass, to og tre kilo frå medalje, er han likevel nøgd med.

- Eg kan ikkje vere anna. For ein månad sidan håpa eg på femteplass i rykk. Vi reiste nedover med håp om at medalje kunne vere innan rekkevidde i rykk. No fekk eg fjerdeplass i rykk, støt og totalt. Det er kjekt å sjå at ein er i toppen, seier han.

Gløymer 200 i år

Varlid har sett seg mål om å støte 200 kilo som junior. I sitt siste år som junior, vart ikkje barrieren broten i helga. 20-åringen har lagt bak seg eit trøblete år. I fjor vinter vart han overtrena. Den siste tida har han hatt eit trøblete lår.

I støt var han svært nær å klare 191 kilo, men vart ståande med startvekta på 182 kilo som teljande resultat.

- Eg ser målet blir tungt å ta i år. No er det om å gjere å komme seg så høgt som mogleg opp på 90-talet som eg maktar. Så får 200-talet stå til neste år, seier han.

- Det går framover

Trenar Gunnar Reikvam er nøgd med innsatsen til disiplane sine i helga. Fredag såg han Sindre Rørstadbotnen debutere i junior-EM. Sjølv om plasseringa enda noko nede på lista, vart det ein god debut.

- Det går jamt og trutt framover. Begge har framtida føre seg og kan vere med å hevde seg heilt i toppen internasjonalt. Sindre er førsteårs junior og er i same ruta som Vebjørn. Vebjørn er i siste året som junior, men har framføre seg tre år som U23. Dette lovar heilt klart bra, strålar han.