Hopp til innhold

November gav kulderekordar i fleng

November 2010 skriv seg inn i historiebøkene som tidenes kaldaste. På Kroken i Stryn knuste dei den førre rekorden frå 2002.

Kulderekord i november.

KULDEREKORD: Kroken i Stryn er mellom stadane i landet der middeltemperaturen for November gjekk kraftigast ned.

Foto: Privat

- Overraska? Nei, det er ikkje eg. Vi må berre leve med det, men vi får håpe det jem snø snart. Elles blir det mykje tele, seier Oddvar Kroken.

Ved Kroken på Markane i Stryn vart den gamle middeltemperaturen for november regelrett knust. I 2002 var middeltemperaturen -0,9 grader. I år var den -3,5.

Middeltemperatur er eit snitt av månadens maksimums- og minimumstemperaturar.

Størst auke i landet

Av dei 53 stadane i landet med rekordkald november, er det berre Mjølfjell på Voss som kan vise til større auke. Ifølgje statistikken til Meteorologisk Institutt gjekk rekorden frå -1,3 til -5,4.

Rett nok har ein berre målt temperaturar ved Kroken sidan 1993. Temperaturen der er vanlegvis lågare enn i Stryn sentrum.

- Det har vore kaldt. Det har vore det. Og det merkast. Vi skulle hatt litt meir snø så det ikkje går i jorda. I dag tidleg hadde vatnet frose i huset, så det vert eit tiltak å få vatn i springen, seier Kroken.

Rekordkaldt i Bremanger

Det er ikkje berre i Stryn at kulden har fått folk til å halde seg litt meir inne enn vanleg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Botnane i Bremanger

REKORDKALDT: Både middeltemperaturen og minimiumstemperaturen vart slått i Bremanger.

Foto: Privat

Rune Nordbotten ved Botnane i Bremanger opplyser om den kaldaste novembermånaden sidan han starta verstasjonen for 35 år sidan.

- Førre rekorden var 1,8 grader i 1985. I år er middelrekorden på 0,4. Så det er ganske mykje når ein snakkar om middeltemperatur, seier han.

Kulderekord

- Om det kan vere ei trøyst, så var 1985 ein lang og kald vinter, legg han til.

Den kaldaste temperaturen Nordbotten har målt var -9,2 grader. Den skriv seg inn i rekka av fleire rekordlåge minimumstemperaturar i november.

- Det er ikkje så imponerande mot temperaturane i indre strok. Men det er kaldt her på kysten, seier han.

Tok førehandsreglar

Det grunne vatnet i Botnane er i dag ein flott skøyteis. Men den strenge kulden skaper også utfordringar for dei aller fleste. Ikkje berre i form av stort behov for oppfyring av hus og høge straumprisar.

Men også for dei som arbeider og skal trene utandørs. Kulden kan også gå utover dyra.

Video Trening i kulda kan vere skadeleg

SJÅ: Trening i kulda kan vere skadeleg.

- Vassløysinga er mest utsett. Førebels har det gått bra. Det fraus i februar i fjor sidan det berre var frost og ikkje snø. Eg har tatt førehandsreglane, fortel han.

Meir kulde i vente

Nordbotten er ikkje overraska dersom resten av vinteren også blir streng.

- Statistisk sett, når du får ein vinter som i fjor, så får du som regel ein eller to til i rekkjefølgje, seier han.

Meteorologane opplyser at det kan bli endå kaldare dei neste døgna.

Snøen er på veg

- Det er berre å stålsette seg. Det vil halde seg kaldt om natta og dagen heilt fram til fredag. Veret kan oppsummerast i eitt; det blir veldig fint ver og det blir kaldt, seier meteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Til helga vil verbilete endre seg og både Nordbotten og Kroken får etterkvart oppfylt ynskje sitt. Temperaturane vil stige litt, og så kjem det snø.

- Vinden vil dreie meir mot nordvest og då får vi inn snø og snøbyger. Men det blir mest i yttre og nordlege strok. Vil halde seg kaldt, men mindre kaldt.