Hopp til innhold

Filmar Florø til Grand Prix

Onsdag vert folk i Florø oppmoda til å vinke til eit helikopter.

MGP 2011

ALLE ARTISTANE MGP 2011: Når delfinalen frå Florø vert vist på NRK i januar, er det med bilete av vinkande folk i Strandgata i Florø sentrum.

Foto: Fredrik Arff / NRK

Målet er å kunne vise fram sentrum av Florø med mange vinkande florøværingar på opningsinnslaget som vert sendt under delfinalen i Melodi Grand Prix i januar.

Vinke, vinke

Strandgata i Florø

VINK TIL NORGE: Onsdag kan du bli med på filmen frå Strandgata som vert vist fram under delfinalen i MGP i januar.

Foto: Ottar Starheim / NRK

- Vi håpar så mange som mogleg kan stille opp i Strandgata og vinke til helikopteret, seier Roy Austbø i eventfirmaet HippHipp Flora til firdaposten.no .

Det skal gjerast fleire opptak rundt omkring i Florø, men har du håp om å komme med på filmen er det fem over halv elleve du må vere i Strandgata.

Ventar storinnrykk

Det er produksjonsselskapet Dynamo Story og NRK som skal lage delfinalen i Florø. Dei stiller med eit mannskap på over 150 personar for å få det til.

Og det er venta at mange vil ta turen til kystbyen for å få med seg delfinalen. 2500 billettar er lagt ut for sal til arrangementet som skal vere på Florø Idrettssenter i januar.

100 tonn utstyr skal riggast opp og nesten 500 menneske vil vere i sving for å få arrangementet i mål.