Hopp til innhold

– Navarsete solar seg i glansen

Liv Signe Navarsete solar seg i glansen av vegopningar og skuleprisar i heimfylket, trass i at ho er kommunalminister.

Liv Signe Navarsete solar seg i glansen

I GLANSEN: Kommunalminister Liv Signe Navarsete får kritikk for å sole seg i glansen.

Foto: NRK

Bård Hoksrud

KRITISK: Bård Hoksrud i Framstegspartiet

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) bør konsentrere seg meir om sitt eige ansvarsområde, meiner oppsosisjonen.

Berre dei siste to vekene har Navarsete hengt seg på veg- og skuletilstellingar med andre statsrådar til stades.

– Navarsete er ei linselus

Navarsete har tidlegare vore samferdsleminister, men no får ho halde seg til jobben som kommunalminister, meiner Bård Hoksrud i Framstegspartiet.

Han er andre nestleiar i transportkomiteen på Stortinget.

– Når Norge har ein ny samferdsleminister og ho er til stades på ei vegopning, så burde kanskje det holde. Kommunalministeren burde heller bruke tida si på det ho faktisk skal gjere og har ansvar for, seier Hoksrud.

(Artikkelen held fram under video og lyd)

Video Her kjem Navarsete til bomåpning

SJÅ VIDEO: Her kjem Navarsete til bomåpning.

– Det er veldig uheldig overfor dei andre kommunane og fylkene som ikkje får besøk, for det er viktig at ho får med seg at ho er kommunalminister for heile landet. Statsråden burde ikkje sole seg i glansen og vere linselus slik som i dag, seier Hoksrud.

Navarsete: – Reiser heim når eg vil

Navarsete sjølv fortel ho var spesielt invitert til hendingane, og ho meiner ansvarsområdet er breidt nok til at oppmøtet hennar kan forsvarast.

– Mitt ansvarsområde er ganske vidt. Eg har mellom ansvar for korleis kommunane er som skuleeigar, seier Navarsete.

Ho har ikkje tenkt å reise mindre til heimfylket framover.

– Eg treng ikkje forklare at eg kjem heim til heimfylket mitt eller heimkommunen min. Eg kjem hit akkurat så ofte eg vil, seier Navarsete.