Hopp til innhold

Sjå klatre-NM i nett-TV

Arrangørklubben Sogndal forsynte seg med to gullmedaljar under norgesmeisterskapen i klatring. Her kan du sjå heile meisterskapen i nett-TV.

NM i klatring i Sogndal
Foto: Arne Stubhaug / NRK

Her kan du sjå kvalifiseringane og finalen i nett-TV:

– Ein av dei beste veggane i verda

Magnus Midtbø vann seniorklassen for herrer i rein oppvisninsstil, nett som han har gjort fem år på rad tidlegare. Innan han klatra til topps, hadde Ragnhild Eriksrud overgått alle konkurrentar i klasse eldre junior for kvinner.

Korkje bergensaren Midtbø eller Eriksrud frå Folldal legg skjul på grunnen til at dei klatrar for Sogndal.

– Eg meiner klatreveggen i Sognahallen er blant dei beste i verda. Det er i alle fall min favorittvegg, seier Midtbø.

Tøff rute

Klatreruta i Sognahallen vart skrudd på ein måte som gjorde ho ekstra tøff for førehandsfavoritten Midtbø i forhold til dei andre.

– Det var i alle fall eit sprang der som gjorde at eg måtte satse skikkeleg i staden for å «safe». Eg har mykje å tape og lite på å vinne på å stille her, gliser han.

– Kjennes godt

Medan Midtbø reiser verda rundt og klatrar verdscup, har Eriksrud flytta til Sogndal frå Folldal for å gå på vidaregåande skule, og for å klatre.

– Det er jo flott å sjå at ho har gjort slike framsteg etter at ho kom hit. At me har to norgesmeistarar i vår vesle klubb er flott, seier leiar i Sogndal Klatreklubb, Vegard Vereide.

– Eg trur muligens at eg rangerar andreplassen eg tok i den nordiske meisterskapen endå høgare enn denne, men det kjennest godt å vere norgesmeister, seier Eriksrud.